Vil du ha eit godt råd?
Vil du vera med og gi HJELMELAND, FISTER ELLER ÅRDAL eit godt sokneråd? Eller kjenner du nokon som kan bli utfordra til å sitja i ditt sokneråd?
Til hausten er det kyrkjeval. Det betyr at vi skal velja nytt sokneråd i kyrkjelydane våre.
Soknerådet møtest omlag ein gong i månaden og soknepresten er medlem i tillegg til seks valde medlemmar.
I våre kyrkjelyd er vi særleg opptatt av desse sakene:
- at Guds ord vert forkynt og sakramenta forvalta
- at barn og unge skal undervisast i den kristne trua
- at diakonien skal gjennomsyra arbeidet vårt
- at kyrkjemusikken får gode vilkår og kan vidareutviklast
Soknerådet arbeidar med diakoni og omsorgsteneste. Rådet er med på å legga dei overordna føringane for gudstenester og konfirmasjonsundervisning og lagar planar innanfor kyrkjemusikk og for å nemna noko.
Ei nasjonal undersøking blant sitjande soknerådsmedlemmar viser at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vera med i soknerådet.
Vil du vera med på laget?
Kontakt kyrkjeverje, soknerådsleiar eller ein i soknerådet om du lurer på noko eller har lyst å stilla til val.
Kandidatar til soknerådsvalet må vi ha på plass innan 31. mars, valet er 11. september 2023.
Sokneråd 2019-2023: Sokneråda: (kyrkja.no)