Givarteneste for trusopplæring


Vil du bidra til at barn og unge får opplæring i den kristne trua? Meld deg som fast givar!

Stortinget vedtok for ca. 15 år sidan at Den norske kyrkja skulle ha hovudansvaret for opplæring i den kristne trua. Det skulle ikkje lenger vere eit ansvar som grunnskulen hadde. Etter kvart har alle sokn fått statlege midlar til dette arbeidet, men det er ikkje nok. Kommunane bidreg også, men det er heller ikkje nok, spesielt ikkje i små kommunar.

I Hjelmeland har me no trusopplæring i 120 % stilling. Tonje Flatø Nessa er tilsett i 100%, medan kantor Anne-Berit Rinde Bjelland har 20% trusopplæring i stillinga si. 
For å kunne halde på  denne ressursen, inviterer me til fast gjevararteneste. For 2022 har me budsjettert med kr. 300 000 til dette.  Men dette er berre første skritt. Vidare er det behov for meir, for å kunne realisere tiltaka og nå måla i trusopplæringsplanen.

Trusopplæring for barn og unge er noko av det viktigaste me driv med i kyrkja. Me kan engasjere oss i dette på ulike måtar, gjerne som frivillege medarbeidarar, men og ved å gje pengar til arbeidet. Som kristne, har me eit ansvar for vår lokale kyrkjelyd, og det å gje av vår overflod, vil bety mykje for dette arbeidet. Samstundes blir vi sjølve velsigna av å gje.

Gjevartenesta fungerer slik at du fyller ut skjema for gjevarteneste  og enten sender det i posten eller leverer det på kyrkjekontoret. Det er og mogeleg å skanne det eller ta bilde av det og sende det på e-post til post@hjelmeland.kyrkja.no.
Du kan velje eit fast beløp per månad som du kan legge inn i nettbanken eller avtale med banken om å trekke. Eller du kan og gje kvartalsvis, halvårleg,  årleg, eller som eit eingongsbeløp.
For gåver er det skattefritak, noko som betyr at du får 22% tilbake av det du gir, opp til grensa på kr. 25 000 per år. Det vil seie at du betaler inntil kr. 5 500 mindre i skatt. Beløpet du har gitt, vil stå på den ferdig utfylte skattemeldinga som du får kvar vår.

Takk for at du vil vere med! Både små og store beløp er svært velkomne!
Ta kontakt med sokneråda eller kyrkjekontoret dersom du treng meir informasjon!

 INFORMASJONSARK   PÅMELDINGSSKJEMA 

Tilbake