Andakt for skjærtorsdag


ved sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen

 

Evangelietekst: Matt 26:17-29

Tema: Nattverden og tenesta
 

Det står skrive i evangeliet etter Matteus:
 

Den første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’» Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.
Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» Då spurde Judas, han som sveik han:                   «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.
Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»
Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
 

Slik lyder det heilage evangeliet.

 

FELLESSKAP

Me har lest om måltidet Jesus hadde med læresveinane før han skulle vandra den tunge vegen mot døden. I Johannesevangeliet står det om at han vaska føtene til læresveinane før måltidet.

Fotvaskinga høyrer med til førebuingane til måltidsfellesskapet. For oss kan det vera med på å minna oss om  den daglege omvendinga, om syndsvedkjenning og tilgjeving for syndene.

Det er noko me treng føre kvart måltid. Før nattverden hadde dei eit fellesmåltid, dei høyrde saman. Læresveinane hadde vore saman med  Jesus i fleire år og hadde blitt førebudd på det som skulle skje denne påskehøgtida.

Det er alltid godt å tilhøyra eit fellesskap kor ein kan samlast rundt bordet til eit måltid. Det er med på å binda oss saman. Det gjere noko med oss. Fellesskapet rundt bordet gjer oss til ein familie, me høyre til, me høyre saman.

Nattverden er og eit slik fellesskap som bind oss saman i Kristus Jesus som gav seg sjølv for oss.

Fotvaskinga var ein reinsing før måltidet. Nattverden er og ei reinsing og eit måltid. Me blir reine kvar gong når me samlast ved Herrens bord for å ta del i Herrens måltid.

Her får me ta imot tilgjeving og oppreisning, me blir gjort reine ved å ta imot  Jesu lekam og Jesu blod. Denne reinsinga er viktig for at eg skal ha fellesskap med Jesus og fellesskap med kvarandre i kyrkjelyden.

Ved nattverdbordet samlast me alle som treng Jesu tilgjeving og fellesskap med ham og med kvarandre, ”blodet frå  Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.” ”Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.” 1.Joh.1,7b og 9.          

Jesus understrekar i handling og i ord at me må vera villige til å la han sjølv få tena oss. Det gjorde han ved fotvaskinga og det gjere han  gjennom nattverden.

 

TENESTE

Jesus kom for å tena.

Teneste er eit anna ord for  Jesu handling.

Han steig ned og gav sitt liv til ein løysepenge, han gav alt, sin lekam og sitt blod for oss som var fortapt utan hans nåde.  Jesus nedverdiga til å vera i ein tenars skapnad då han vaska føtene deira.

Læresveinane protestera høglydt. Men Jesus gav dei eit eksempel, han ville vera eit førebilete for dei. Han ville visa veg. Læresveinane forstod ikkje Jesu handling der og då. Dei ville ordna opp sjølv.

Vår oppgåve og teneste er å tena våre medmenneske og tena i vår verden.        Jesus har tent oss for at me skal tena kvarandre. Den gongen gjennom fotvaskinga, i dag gjennom nattverden.

 

NATTVERDEN

Nattverden gjev oss del i Jesus og lukker oss inn i eit kyrkjelydsfellesskap kor me alle treng Jesu teneste. Han gav opp alt for vår skuld. Han gjev oss tilgjeving og reise oss opp til nye menneske ved sin lekam og sitt blod.

Når Jesus tener oss, då er det og for å senda oss ut i verda for å tena, tena våre medmenneske.

Jesus møter oss i nattverdsfellesskapet, han deler ut av seg sjølv til kvar enkelt som vil ta imot han og hans gode gåver som er gitt til oss kvar einskild og til det kristne fellesskapet.

For at eg skal kunne tena andre, må eg sjølv la meg tena, eg treng det han gjer meg i nattverden.

Den  besta førebuinga til teneste er å vera rein overfor Gud. Den først den store reinsinga er i  dåpen som er det grunnleggjande badet. ”Han frelste oss ved det badet som atterføder og fornyar ved Den Heilage Ande.» Tit 3,5  Deretter kjem omvending og tru.

Utifrå den store reinsinga kjem den daglege reinsinga og fornyinga i Kristus. Dagleg skal me få be om tilgjeving for syndene våre. Dagleg skal  me få be om oppreisning og nykraft til teneste for Frelsaren, han som vil gjera oss reine. Gjennom nattverden delar Jesus ut          sine gåver til oss. Han vil gje oss noko, han den fullkomne tenaren vil tena oss før me går ut for å tena.

 

 

VÅR TENESTE

”Eg har ei teneste stor for Gud” syng me  i ei salme (Norsk salmebok nr 434) Tenesta vår bli stor fordi vår Gud er stor og har eit stort tenarsinn som me har fått del i. Tenarsinnet vårt kan og bli stort i møte med den tenande Gud. Det er menneske som har møtt den tenande Gud verda treng, og ikkje alle dei som prøver å bli store på andre sin kostnad. Ein kan bare bli rein om ein bøyer seg og tar imot Jesu frelse. Jesus understrekar at me må først la han få tena oss, i dåpen og i nattverden.

Deretter sender han oss ut i teneste.

Me skal få tena kvarandre, Jesus sender oss ut, han vil gje oss oppgåver etter kva som trengs.

Men han spør først: Kan eg få tena deg? Eg gav livet mitt for deg! Eg vil gje deg min lekam og mitt blod! Eg vil gje deg alt, seier Jesus til oss.

Oppgåva til oss blir:

Ten Herren med glede.

Ten kvarandre med glede.

Jesu teneste vil gje oss tenarglede og glede i tenesta.

Jesus har gitt oss eit førebilete.

Ein som slik lar seg tena av Jesus, han vil på ein rett måte bli førebudd til å tena sine medmenneske.

Dåpen, nattverden, - våre reinsingsstader kor me blir reine for Gud og reine til å tena.

La oss bruka dei og oppmuntra kvarandre til å bruka desse gåvene.

 

Lat oss be:

Jesus du er Herren som veit kva eg treng.

Jesus du er Tenaren som gjev meg det eg treng.

Jesus du er Frelsaren som gjorde alt for meg.

Takk Herre for di teneste, gjer meg i stand til å tene deg.

Takk for at du kan bruka meg i teneste for deg!

Amen.

 

 

 

Sigrunn Hagen Arnesen

Sokneprest i Hjelmeland, Fister og Årdal

Tilbake