Andakt for 1.påskedag


ved sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen

 

Evangelietekst: Luk 14, 1-9

Det står skrive i evangeliet etter Lukas:
Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. Slik lyder det heilage evangeliet.

Jesus er oppstanden! Ja han er sanneleg oppstanden!
Slik har kristne helsa kvarandre gjennom uminnelege tider. La oss gjera det i dag og!

Søndag er oppstandelsesdagen. Den første dagen i veka. Sabbaten var over - det tok til å lysna den første dag i veka. Noko nytt tok til, som om ei ny tidsrekning kjem til oss.
Søndag, oppstandelsesdagen.
Eit håp utover livet er tent ved Jesu oppstode. Gudsrike er kome til oss, me lever i den nye tid. Gudsrike er kome til oss, me er det nye folk på vandring i håpets teikn samen med den oppstadne Jesus.
Jesus er ikkje lenger i grava! Han er ikkje he!. Han er stått opp!
Har ikkje Kristus stått opp er vår tru ingen ting seier Paulus. Kva blir konsekvensane for oss? For deg og meg? Nytt liv. Me er døypt i Faderens og Sonens og Den Heilage Andes namn.
Me har fått eit nytt liv, ein start på livet saman med Jesus, den oppstadne.
Eit liv med eit evig håp, ei framtid som er lagt i Jesu hender.

Påskedag er starten på alt nytt og fullendinga av heile Guds verk, samtidig er det starten på den nye himmel og den nye jorda som skal koma. Me lever i undring over rådville og redde disiplar.
Kvinnene ved grava la på veg i frykt og glede! Er det verkeleg sant! Lever Jesus?
Ja, Jesus stod opp – han lever!

Kva betyr Jesu oppstode frå dei døde? Det er grunnlaget for den kristne trua.
1. Kva skjedde eigentleg?
Oppstoda er heile den kristne kyrkjas sin eksistens. Det er den me bygge vår tru på. Men me har ingen augevitne, kvinnene ved grava var bare vitne til den tomme grava og engelens bodskap. Grava var tom. Jesus var ikkje der. Dei gjekk vidare på engelens ord.
2. På kva for ein måte skjedde det?
Augevitne var der ikkje, men kvinnene og disiplane fekk møta han i Galilea. Han var gått føre for å møta dei. Jesus stod lekamleg opp, han var saman med dei. Snakka med dei, han var der lekamleg, men han gjekk og gjennom stengde dører, var på ulike stader på ein gong … Jesus var forandra, han var og er ikkje som oss. Han er forvandla for våre auge. Jesus er Gud. Har det guddommelege hos Jesus kome meir fram etter oppstoda?
3. Kvifor skjedde det? Kva inneber oppstoda?
Jesus som døde på korset blir oppreist til den levande Kristus. Døden har ikkje det siste ordet lenger. Den er underlagt Guds skapande kjærleik og kraft. Jesus oppstod for at me skulle få del i den same oppstoda når Gud skaper ein ny himmel og ei ny jord. Me har eit håp som går utover dette livet. Eit håp gjennom døden. Jesus har sigra over døden. Han har fridd oss ut av dødens makt.

Påskeliljene, kyllingane og egga, gåsungane på bare kvistar er teikn og symbol på det nye livet. Jesus skapte noko nytt ved sin død og si oppstode. Me sitt med takk og glede for at oppstoda skjedde og me har fått del i dette nye livet. Takk Jesus for at du sa ja og gjekk den tunge vegen for oss!!

Nytt liv. Då tenke eg med ein gong på dåpen. Ordet og vatnet gir nytt liv. Ein blir Guds barn, innlemma i eit nytt fellesskap, eit nytt slektsskap. Gud er vår Far, skaparen har steget ned til menneska ved Jesus. Vårt fall, vårt svik truar ikkje Guds kjærleik til menneska han skapte. Nei han sender sin eigen son i Døden for vår skuld, for oss som svik og fornektar igjen og igjen.
For oss som ikkje tar Guds kjærleik til alle menneska på alvor.
Kven er Jesus?
Kva har han gjort for deg og meg?
Kva betyr det for oss?
Han elska deg så høgt at han gav sin eigen son, for deg – for meg!

Ære vere Faderen og Sonen og den Heilage Ande som var og er og vera skal,
ein sann Gud frå æva og til æva. Amen

La oss be:
Takk for din siger over døden.
Takk for at du gav ditt liv for oss.
Takk for at me kan få kallast dine barn.
Takk for at du tar oss inn i din fullkomne kjærleik.
Gje oss å følgja deg. Amen

Ta imot Herrens velsigning:
Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. Amen.


Sigrunn Hagen Arnesen
Sokneprest i Hjelmeland, Fister og Årdal

Tilbake