Ledig stilling som kyrkjetenar i Årdal kyrkje


Ledig stilling som kyrkjetenar i Årdal kyrkje


Vi har ledig stilling som kyrkjetenar i Årdal kyrkje i 15% stilling frå september

Kan du tenkja deg ein meiningsfull og sosial deltidsjobb i kyrkja?
 

Me søkjer etter ein person med praktisk sans som har interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid. Kyrkjetenaren har faste oppgåver i samband med gudstenester, gravferder, vigsler og andre arrangement i kyrkjene, og har ansvar for enkelt vedlikehald. Ved ferieavvikling eller sjukdom være vikar i Årdal og Fister kyrkje.Det er utarbeidd instruks for stillinga. Løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.

Det er gudsteneste kvar 3. søndag i Årdal kyrkje.  Det blir arrangert ulike aktivitetar i kyrkja f.eks. konsert/ foredrag som kyrkjetenaren er tilstades på. I tillegg er det gravferder i vekedagane. Gravferdsdagar er tysdag, torsdag og fredag. Ved vigslar, som oftast er på laurdagar i sommarhalvåret, er kyrkjetenar på jobb. Vi reknar ca. 2 - 3 timar kvar gong det skjer noko i kyrkja.

Nærare opplysningar ved kyrkjeverje Mette Ingvaldstad, tlf. 907 35 564

 

Send kortfatta søknad til: post.hjelmeland@kyrkja.no eller

Hjelmeland kyrkjekontor, Prestegarden 5, 4130 Hjelmeland

 

Søknadsfrist: 15. august

Tiltredelse i stillinga er 01. september

 

 

Tilbake