Thor Pundsnes har takka ja til å bli prost i Ryfylke.
Thor Pundsnes kjem frå stillinga som seksjonsleiar for HMS-arbeidet i Sør-Vest politidistrikt, der han har vært sidan 2017. Pundsnes fortel om spennande og kjekke år i ein sentral posisjon for utvikling av systematisk arbeidsmiljøarbeid for politidistriktets tilsette.
Han er takknemleg for alt han har vore med på i politiet, og ser nå fram til å møte gode medarbeidare i kyrkja, som saman med dei frivillige skapar både aktivitetar og fellesskap.
Thor startar i jobben som prost 1. oktober. Han vil ha arbeidsplassen sin på Hjelmeland der prostesete er.
Vi ser fram til å få samarbeide med Thor.