Ny haust for babysongen


Ny haust for babysongen


Babysongen startar opp igjen i Hjelmeland kyrkje onsdag 26. august kl 11.00

 

Babysongen er eit uformelt samver i kyrkja med vekt på song, rim og rytme. Alt frå barnesongar, viser , regler, musikk og salmar får plass her. Opplegget er tenkt for barn i alderen 0-1 år og foreldre/følgje.
Det er også god plass til kaffi og sosialt samver. 

Babysongen vert leia av kantor Anne-Berit Rinde Bjelland og diakoniarbeidar Torill Marie Seljeskog.
Tilbodet er gratis.

Påmelding på Facebook/Barselgruppe Hjelmeland

VEL MØTT! :)


VEL MØTT!

Tilbake