Konfirmant i kyrkje, noko for deg?

Kyrkja i Hjelmeland invitere deg til å bli konfirmert. Nå er valet ditt.
Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, så er du velkommen til konfirmasjonstid i kyrkja.
Påmeldingslenke
https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=60f88eef-9918-4cee-a501-59f95a4b6da3
Kva gjer og lærer me i konfirmasjonstida?
Me ynskjer at du gjennom konfirmasjonstida skal få meir kunnskap om og kjennskap til kven Jesus er og kva kyrkja står for. Du vil gjennom året læra meir og tenkja igjennom tema som tru og tvil, Bibelen, sjølvbilde, korleis ta gode val, oss i verda og andre tema knytt til Gud og kristen tru. Du treng ikkje å ha tenkt igjennom alt på førehand, men i løpet av året vil du få høve til å gjera deg opp eigne tankar og meiningar knytt til dette. Me skal i felleskap utforske mange viktige spørsmål. Det er i felleskapet med andre at me finn ut meir om kven me er i oss sjølv. Me skal saman utforske dette og mykje meir. Ikkje berre det teoretiske, men også det praktiske: Det me kan kjenne og oppleve, av livet i kyrkja og kva dette kan ha å bety for oss, i våre eigne liv, i våre felleskap og for dei valga me tar.
Kva forpliktar konfirmantane seg til?
Dei som melder seg som konfirmantar forpliktar seg til å møta på alle samlingane og vera positive til å delta på opplegget. Dei må igjennom året delta på 8 gudstenester og dei får enkle oppgåver på nokre av desse gudstenestene. Nokre av gudstenestene er obligatoriske, andre er valfrie.
Alle konfirmantane i kommunen deltek før påske i Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon i si bygd. Her treng me og foreldre som still opp som sjåfører.
Dåp
For å bli konfirmert må du vera døypt. Dersom du ikkje er døypt,
kan du bli det i løpet av konfirmasjonstida. Det er ikkje uvanleg at konfirmantar døyper seg i løpet av konfirmant-året (om ein ikkje er døypt frå før). Berre ta kontakt med oss.
Er du døypt i eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja? Då må du levera ein kopi av dåpsattesten. Ta den med på informasjonsmøtet eller lever/send den til kyrkjekontoret på Hjelmeland, adresse: Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland / epost: TN567@kyrkja.no
Det er og mulig å følgje undervisningsopplegget utan å delta i sjølve konfirmasjonshandlinga.
Alle har rett til ei god konfirmasjonstid
Som kyrkje ynskjer me å møta alle konfirmantar og familien deira på ein god måte i deira livssituasjon. Treng du ekstra støtte i samlingane eller tilrettelegging på andre måtar så ta kontakt med oss på førehand. Skriv det i påmeldinga eller ta kontakt direkte med kyrkjekontoret. Skriv og om det er viktige forhold me treng å vite om, til dømes forhold heime, mat- og andre allergiar, dysleksi etc.
Samarbeidspartnera:
NMSU er barne- og ungdomsorganisasjonen til NMS, som er ein misjonsorganisasjon forankra i Den norske kyrkja. På grunn av dette er dei ein naturleg samarbeidspartner for vår kyrkjelyd. Dei er som ein konsulent for oss, då dei er gode på leir og søknadar om midler som kjem konfirmantane til gode. Dei har og mange gode opplegg som lettar arbeidsbøra vår, og me kan alltid ringe dei om me treng hjelp. Dei skriv at dei set utropsteikn ved korset, gjennom å dele tro, tid, ting og talent. Konfirmasjonsundervisninga blir rekna som lokallagssamling for NMSU.
Viktige datoar og praktisk informasjon:
Informasjonsmøte for konfirmantar og foreldre blir den tirsdag 2.juni 2026 kl17.00-18.00
16.-18.oktober. Sett av helga, dette blir kjekt!
Undervisningsstad: Hjelmeland kyrkje. Det blir satt opp to grupper, ei på tysdag og ei på onsdag.
- Presentasjonsgudstenestar for konfirmantar der foreldra er spesielt invitert:
Konfirmantane kjem samla fram i gudstenesta og vert presentert for kyrkjelyden.
- Hjelmeland kyrkje søndag 6. september kl. 11
- Årdal kyrkje søndag 13. september kl 11
- Jøsenfjorden bedehuskapell søndag 13.september kl 16.30
- Fister kyrkje søndag 20. september kl 11
Konfirmasjonsgudstenester 2027:
Laurdag 1. mai Fister kl11.00
Søndag 2.mai Hjelmeland kl11.00
Laurdag 8.mai Jøsenfjorden kl11.00
Søndag 9. mai Årdal kl11.00

Blir du med?
Påmeldingsfrist: 14.juni
https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=60f88eef-9918-4cee-a501-59f95a4b6da3
NB: Viktig at konfirmant og foreldre/føresette fyller ut påmeldinga ilag, då me treng opplysningar frå begge i påmeldinga.
Betaling: Me har ein eigenandel på 1500 kr for konfirmantåret hjå oss. Dette dekkar og konfirmantleir, med mat og opphald. Faktura vert sendt. Ta kontakt med oss om de er i ein situasjon der det vert vanskeleg å betale, så finn me ei ordning.