Vi har ledig stilling som administrasjonsmedarbeidar i 60% stilling frå 01.07. eller etter avtale
Det er ein deltidsstilling med kontortid 3 dagar i veka, tilsaman 22,5 timar. Arbeidsdagane er tysdag, onsdag og torsdag.
Arbeidsoppgåvene vil vera ulike former for administrative oppgåver for både prost, prest, kyrkjeverje og sokneråda. Oppgåvene er t.d. planlegging, oppfølging, rapportering, arkiv, betale faktura, overføring av offer, enkel rekneskapsføring, oppdatering nettsider, facebook og Instagram.
Vi kan tilby ein kjekk jobb i eit hyggeleg arbeidsmiljø. Løn, tilsetjings- og arbeidsvilkår er i samsvar med tariffavtalar og gjeldande lovverk. Gode kontorlokalar i Hjelmeland sentrum. Fleksibel arbeidstid.
Vi legg vekt på personlege eigenskapar, gode samarbeidsevner og relevant utdanning/erfaring. Du må kunne arbeide sjølvsendig, ha erfaring frå bruk av vanlege kontorprogram og ha evne til å setje deg inn i nye dataverktøy. Det er ein fordel å ha gode datakunnskapar og være god skriftleg i nynorsk.
Har du i tillegg forståing for kyrkja sitt arbeid og er medlem i Den norske Kyrkja så søk på stillinga innan 15. mai.
Har du spørsmål, ta kontakt med Mette Ingvaldstad på tlf. 907 35 564
Søknad sendast til post.hjelmeland@kyrkja.no