BABYSONG på omsorgssentra


BABYSONG på omsorgssentra


Torsdag 12. mars kl 11 kjem BABYSONGEN til Hjelmeland omsorgssenter og
torsdag 26. mars kl 11 er det Årdal omsorgssenter som får besøk av dei små!

Babysongen held vanlegvis til i Hjelmeland kyrkje. Men to gonger i halvåret flyttar han  like godt inn på dei to omsorgssentra i kommunen. Dette plar vere populært, både blant unge og eldre. 
Merk at samlingane på omsorgssentra 12. og 26. mars er opne for alle!

Her kan vi ta med ein liten omtale frå ei tidlegare utgåve av "Preikestolen":

Det er torsdag føremiddag på Hjelmeland omsorgssenter. 
Fleire bebuarar har funne vegen til «Galleriet» og er klare. Også nokre frå Dagsenteret kjem. 
Mellom godstolar, eit par rullatorar og ein rullestol er det plassert ei rekkje matter på golvet.  
Fram kjem trommer, bjellekransar, rytmeegg og andre ting som få veit namnet på. Og til slutt kjem det viktigaste av alt, nemleg dei små babyane. For no skal det vere babysong på omsorgssenteret!  
Dei små kjem sjølvsagt ikkje åleine. Når det er babysong i kyrkja kvar onsdag, hender det heldigvis at også ein far eller ei bestemor følgjer med, men denne gongen er det seks stolte mødre som kjem med babyane sine.  

Babysong, seier du kanskje. Kan babyar synge, då?  
Dei kan i alle fall lage lydar. - Mange slags lydar som vi andre berre kan drøyme om å få til.  Og sanseapparatet deira er absolutt til stades. Dei tar til seg både rytme og melodiar, heilt frå mors liv, seier forskninga. Og den menneskelege stemma er eit unikt kommunikasjonsmiddel. Derfor syng vi mykje på babysongen, - med den stemma vi har. Kantor sper på med xylofon, tromme, gitar og piano, men hovudsaka er at vi syng.  Det gir  fellesskap og samhald, og den stadige gjentakinga skapar gjenkjenning og lærdom. - Lærdom for livet, trur vi. 

Så er vi på omsorgssenteret. Dei eldre strålar opp. Har gledd seg til dette. Å sjå dei små. 
Dei får både sjå og høyre, og delta i songen, viss dei vil og kan.  
Snart er vi i full gang.  «Bæ, bæ lille lam» gir gjenklang. Likeeins «Den fyrste song» og «Ingen er så trygg i fare».  Vi «spring etter vatn» og babyane ler. Ballongar i lufta . Nokre ler, men ein må gråte. Ein annan må ammast.  Sånn er det. 
Velsigning og klokkespel til slutt. Det er vakkert. Fleire stoppar opp og berre ser.  

Så er programmet over. Men drøsen held fram, og kaffien kjem på bordet. 
Kantor og diakoniarbeidar går frå omsorgssenteret med smil om munnen, og er ikkje åleine om det. For dette vart eit nydeleg møte mellom generasjonar. 

 

Tilbake