Fredag 24.oktober kl 18.00 kan du få med deg KONSERT med NYTT FLYGEL i Hjelmeland kyrkje.
Innsamlingsaksjonen for nytt flygel i Hjelmeland kyrkje, starta ved ein konsert i romjula 2024, og seinare har ballen rulla ganske så fort. Faktisk så fort at pengane som trengst, no er i boks. Ryfylkefondet har vore ein stor bidragsytar, noko soknerådet er svært takksam for, men mange enkeltståande gjevarar fortenar også stor takk!
Flygelet, som er eit instrument av typen Yamaha C3X, er bestilt frå firmaet Holthe & Bakke i Oslo, og vil bli levert i første halvdel av september.
Vi gler oss til å ta instrumentet i bruk i ulike samanhengar, og fredag 24.10 blir det altså ein eigen konsert ved pianist Maria Kessel Hynnekleiv.
Maria er frå Sola og har studert klassisk klaver både i Japan og i Stavanger. Bak seg har ho masterstudium ved Norges Musikkhøgskule, der ho spesialiserte seg innan tidleg musikk og hammerklaver. Opp gjennom åra har ho delteke i fleire konkurransar og musikkfestivalar i inn- og utland. Ho deltek også jamnleg på konsertar, både som solist, kammermusikar og akkompagnatør. Frå hausten 2024 har ho vore fast tilsett som organist i Voksen kirke i Oslo. For oss på Hjelmeland, er Maria Kessel Hynnekleiv kanskje mest kjent gjennom fleire påskekonsertar dei siste åra, saman med Astrid Bjelland.
Etter konserten, som vil vare 40 - 45 minutt, byr soknerådet på kyrkjekaffi.
Vel møtt til å oppleve og feire flygelet!
Kollekt
Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval og Hjelmeland sokneråd