Konsert med far og son Ølberg


Konsert med far og son Ølberg


Torsdag 30. oktober kl 19.00 innbyr Leif Jone og Lars Bernhardt Ølberg til ALLEHELGENS-KONSERT i Hjelmeland kyrkje. 

Leif Jone Ølberg er ein anerkjent songar med utdanning frå Stavanger, London og København.Han har sunge i mange land, men har hatt mesteparten av si karriere i Danmark. Der jobbar han som frilans operasongar. Han har hatt store roller i Den Kongelige Danske Opera  og i Den Jyske Opera, og er også ein ettertrakta oratoriesolist. Dessutan har han hatt eigne konserter i mange land, og har, saman med Rhoda Wilhelmsen, i fleire år vore med å bygge opp eit klassisk songmiljø i Nairobi gjennom Baraka Opera Kenya.  Der har han bidratt med undervisning, skulekonsertar, kyrkjekonsertar og opera.

Leif Jone, som har sine morsrøter frå Hjelmeland, har saman med far sin, Lars Bernhardt, ofte hatt konsertar og turnèar i Rogaland, i Vestland, Nord-Norge og i Danmark. No ser dei fram til å kome tilbake Hjelmeland. Leif Jone syng og spelar  fiolin, mens Lars Bernhardt spelar piano og orgel.

For mange er allehelgensdag ei tid for minner. Vi ber med oss både gode og såre minner. Vi går på kyrkjegarden med blomar, tenner lys, og kjenner på sorg og sakn. Song og musikk betyr ofte mykje for oss ved slike høve. Under allehelgenskonserten  får vi høyre song og musikk som gir rom for ettertanke, lengsel og håp, men også for glede og takk.

Vel møtt til ei  konsert-oppleving som kan gje ei fin og talande opptakt til allehelgensdagen søndag 2. november.

Billettar  (VIPPS eller kontant):  kr 300,-. Barn under 16 år, går gratis
Billettar kan kjøpast i døra, eller på førehand  på  https://melodypipe.com

 

Tilbake