Taizé-kveld i Hjelmeland kyrkje


Taizé-kveld i Hjelmeland kyrkje


Søndag 28.september kl 19.00 er du velkommen til TAIZÉ-KVELD i Hjelmeland kyrkje

På ein liten kolle sør i Frankrike ligg den vesle landsbyen Taizé. Der bur og lever eit samfunn av brødre, ca 100 i talet. Det heile starta  i 1940 då Roger Schutz, seinare broder Roger, kom dit frå Sveits, på sykkelen sin. Han drøymde om å leve eit liv i felleskap, i bøn, tillit og forsoning. Ut frå denne draumen har kommuniteten vokse fram. I dag tar fellesskapet i Taizé imot titusentals gjester kvart år.

Dei fleste som kjem til Taizé, er unge. Mange har funne seg ein fristad her. Nokre uttrykkjer det så sterkt som at dei har funne sin andre heim. Brørne har med undring sett på alle som kjem. Atmosfæra er gjennomsyra av respekt. Brørne vil ikkje opptre som meistrar, dei ønskjer å lytte til det dei unge fortel.

Også frå Norge har mange funne vegen til Taizé. Bussreiser har blitt arrangert og brørne har vitja Norge fleire gonger.

I Taizé vert det tydeleg at kamp og kontemplasjon høyrer saman.  Brørne lever eit bøneliv i felleskap, men felleskapet strekkjer seg ut over heile verda. Dei kjem frå mange ulike land og verdsdelar, og dei lever i nær kontakt med det som skjer i verda. Det unike med Taizé er og at felleskapet går ut over dei naturlege konfesjonsgrensene. Nokre av brørne tilhøyrer Den katolske kyrkja, andre kjem frå ulike protestantisker tradisjonar.

Det som kjenneteiknar Taizé aller best, er songane. Dei er korte og set ord på sentrale sanningar i evangeliet. Dei blir gjerne sungne mange gonger, for liksom å prente bodskapen inn i hjertet og i livet hjå den enkelte. Songane kan syngast som ei enkel melodilinje, eller vekse seg store, med mange stemmer og ulike instrument.

I dag lar vi kyrkjekoret og det nye flygelet i Hjelmeland leie oss i bønn og lovsong.

Vel møtt til Taizé -kveld!

Kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid

Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval

Tilbake