Olsok i Årdal gamle kyrkje


Olsok i Årdal gamle kyrkje


Tysdag 29.juli blir det OLSOK-feiring i Årdal gamle kyrkje

Kvelden startar med konsert i kyrkja kl 19.00 v/fiolinisten Bjarte Mo.

Bjarte Mo er ein profilert og allsidig musikar i Stavanger. Ikkje berre er han fiolinist i Stavanger Symfoniorkester, men interessa hans femner om all type musikk der fiolin er involvert . Dette har ført til samarbeid med musikarar innan alle sjangrar.  Opp gjennom åra har han til dømes delteke på mange innspelingar med artister som  Carola , Sigvart Dagsland ,Jan Ingvar Toft , Helldorado , Kjell Inge Torgersen , Elin Furubotnen  m.fl.  Bjarte er også  med i gruppa Asgeir & Mo, eit unikt samarbeid med Asgeir Aarøen som ber tittelen «Flamenco a la Noruega». Dette samarbeidet inkluderer dansaren Noelia Sabarea, og har mellom anna ført til kvelds-show på kammermusikkfestivalen i Stavanger, samt diverse turnèar, også i flamencoen sitt heimland, Spania. 

No gler vi oss til å høyre den varme, vakre fiolin-klangen, som vi veit vil kle Årdal gamle kyrkje umåteleg godt. I dette ærverdige, men likevel smålåtne huset, er det ikkje nødvendig med dei store faktene eller det voldsomme orgelbruset. Her får sjølv den minste, mest forsiktige tonen vere ein del av historia, og publikum gløymer fort dei harde benkene og det dimme lyset når musikken og rommet smeltar saman. Bjarte Mo lovar klassiske perler som gir ro i sjela.

Konsertbillett i døra: kr 200,-   (Barn under 16 år går gratis)  VIPPS eller kontant.

Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval

Konserten varer ein liten halvtime, og etter ein liten beinstrekk, går vi inn i til ei kort gudsteneste. 
Bjarte Mo vil også delta på den. Prest er Ole Wollert Meyer.
Vi vonar at flest mogleg har lyst og høve til å få med seg denne heilskapen av konsert og gudsteneste.

Vel møtt til olsok-feiring i Årdal!

                                                         

Tilbake