Vi har nå ein ledig stilling som kyrkjetenar
Hjelmeland kyrkjelege fellesråd søkjer etter
Kyrkjetenar Hjelmeland kyrkje – 15% stilling
Kan du tenkja deg ein meiningsfull og sosial deltidsjobb i kyrkja?
Me søkjer etter ein person med praktisk sans som har interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid. Kyrkjetenaren har faste oppgåver i samband med gudstenester, gravferder, vigsler og andre arrangement i kyrkjene, og har ansvar for enkelt vedlikehald. Ved ferieavvikling eller sjukdom være vikar i Årdal og Fister kyrkje.Det er utarbeidd instruks for stillinga. Løn og arbeidsvilkår i samsvar med lov og avtaleverk.
Det er gudsteneste kvar 3. søndag i Hjelmeland kyrkje. Det blir arrangert ulike aktivitetar i kyrkja f.eks. konsert/ foredrag som kyrkjetenaren er tilstades på. I tillegg er det gravferder i vekedagane. Gravferdsdagar er tysdag, torsdag og fredag. Ved vigslar, som oftast er på laurdagar i sommarhalvåret, er kyrkjetenar på jobb. Vi reknar ca. 2 - 3 timar kvar gong det skjer noko i kyrkja.
Nærare opplysningar ved kyrkjeverje Mette Ingvaldstad, tlf. 907 35 564
Send kortfatta søknad til: post@hjelmeland.kyrkja.no eller
Hjelmeland kyrkjekontor, Prestegarden 5, 4130 Hjelmeland
Søknadsfrist: 15. desember
Tiltredelse i stillinga er 01. februar