Laurdag 21. desember kl 18.00 blir det julekonsert i Årdal kyrkje.
Då kjem ekteparet og musikarparet Aldner på besøk i kyrkja. Dei er busette i Suldal, men har lang fartstid som musikarar rundt omkring, både i inn-og utland.
Amélie Aldner, som er frå Sverige, er både songar, pianist og låtskrivar. Nyleg vart ho kalla ”Noregs svar på Adéle” av musikk-magasinet Panorama. Dette skjedde i samband med sleppet av låten ’Rise’ i juni i år. Genren hennar er ein miks av pop og soul med innslag av både rock, gospel och jazz. Hun har utdanninga si fra Norges Musikkhøgskule og Operahøgskulen i Oslo.
Erik Aldner, fødd og oppvaksen i Suldal, er saksofonist med masterutdanning frå Norges Musikkhøgskule. Han har vore solist med Stavanger symfoniorkester, delteke ved over 100 urframføringar og har halde meisterklasser i saksofon ved mellom anna Sibelius-akademiet og Birmingham Conservatory. Erik er ein svært populær frilans-saksofonist som svingar seg i dei fleste sjangrar, frå klassisk til pop, jazz og soul. Han er også ein meister i improvisasjon.
Fram mot jula 2024 blir det julekonsert-turné for ekteparet Aldner. Konserten har fått namnet ”Julestemning” og musikarane lovar å gje publikum akkurat det! Det blir tradisjonelle og moderne julesongar fra fleire land, samt sjølvskreven musikk av Amélie. Publikum vil dermed få ei variert konsertoppleving, frå dei mest intime visene til full gospel! Og sjølvsagt høyrer også klassiske, kjende julesongar med, - som ’O helga natt’ og ’Det lyser i stille grender’.
Billettar i døra (VIPPS eller kontant): Kr 300,-
Barn under 16 år går gratis
Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval