Statsrådbesøk i Årdal gamle kyrkje


Hjelmeland fellesråd hadde gleda av å ynskje Kjersti Toppe velkommen til Årdal gamle kyrkje torsdag 25. oktober.

Kjersti Toppe som er statsråd i Barne og familiedepartementet kom på besøk for å sjå den flotte  kyrkja i Årdal.

Ho blei godt tatt i mot av fellesrådsleiar Terje Thornquist som ynskja ho velkomen.

Nils Viga Hausken fortalte om kyrkja og maleria innvendig og Sven Hoftun frå Ryfylkemuseet forklara ho om arbeidet på taket og kor omfattande det har blitt.

Ho var veldig imponert over kor godt den var bevart og dei flotte maleria inne i kyrkja.

 

Tilbake