Det har blitt funne mykje meir roteskader enn først berekna og da blir arbeidet med restaureringa både dyrare og meir tidkrevande.
Årdal gamle kyrkje har fått sprinklaranlegg og brannvarslingsanlegg på plass og nå gjenstår det å ferdigstille taket. Arbeide med taket er forsinka og vi må utsetje fristen for ferdigstilling. Foreløpig plan frå Ryfylkemuseet er veke 28 i 2024.
Ryfylkemuseet held på å legge til fleire takbjelkar. Dei gamle er rotne og held ingenting. Dei gamle bjelkane kan ikkje takast vekk. Det malte takpanelet inni i kyrkja ville da blitt øydelagt fordi dei er festa til bjelkane.
Det er behov for fleir villskifersteinar til taket da nokon er øydelagt.
Ryfylkemuseet må følgje krav til restaureringa av verna kyrkjebygg og Hjelmeland fellesråd må innretta seg etter dette for å få tilskott til arbeidet frå Riksantikvaren.