Hjelmeland kyrkjemusikalske utval plar å tilby eit nokså breitt spekter av ulike musikkarrangement i kyrkjene i løpet av året.
Hjelmeland kyrkjemusikalske utval arbeider med å planlegge, gjennomføre og evaluere konsertarbeide i kyrkja. Kantor er leiar av utvalet, og tar seg av det daglege arbeidet, mens dei 4 utvalsmedlemmene bidreg med innspel, råd, idear, praktisk hjelp og evaluering.
I løpet av året plar vi kunne tilby eit nokså breitt spekter av ulike konsertar, songkveldar og andre musikkarrengement i kyrkjene. Sokneråda kan og leige ut kyrkjene til konsertar/kulturarrangement eller arrangere konsertar sjølve.
Følg med på kalenderen og facebook for informasjon om kommande konsertar