Tysdag 15. april kl 19.00 er du velkomen til PÅSKEKLANG i Hjelmeland kyrkje.
Også denne påska får vi gleda av påskekonsert med Maria Kessel Hynnekleiv, (piano) og Astrid Bjelland (fløyte). Desse to legg snart ut på ein påsketurne som vil omfatte konsertar i Voksen kirke i Oslo, i Sola Ruinkirke og i Hjelmeland kyrkje.
Maria Kessel Hynnekleiv er frå Sola og har studert klassisk klaver både i Japan og i Stavanger. Bak seg har ho masterstudium ved Norges Musikkhøgskule i Oslo, der ho spesialiserte seg innan tidleg musikk og hammerklaver. Opp gjennom åra har ho delteke i fleire konkurransar og musikkfestivalar i inn- og utland. Maria deltek også jamnleg på konsertar, både som solist, kammermusikar og akkompagnatør. Frå hausten 2024 har ho vore fast tilsett som organist i Voksen kirke.
Astrid Bjelland, frå Randøy i Hjelmeland, har si utdanning frå musikkonservatoria i København og München. Astrid har motteke mange prisar for fløytespelet sitt, både i inn- og utland, og ho har spelt i fleire orkester i Skandinavia og på Island. For tida er ho på kontrakt i Malmø symfoniorkester.
Maria og Astrid blei kjende i ungdomsskuletida, då begge fekk musikkopplæring gjennom «Unge Musikere» i Bjergsted. Og allereie i 2012 spelte dei saman ved ein konsert i Hjelmeland kyrkje. Sidan gjekk dei ulike vegar med musikken sin, men i 2017 møttest dei igjen under ein festival på Gotland, til gjensidig glede og inspirasjon.
Påskekonsertane dei siste tre åra har gitt meirsmak, så i år kjem dei tilbake med fornya repertoar og inviterer publikum til å oppleve påskebodskapen gjennom musikk og tekslesing.
Konserten vil først og fremst innehalde klassiske stykker, men dei vil óg ta i bruk aktuelle salmar frå dei ulike dagane i påska, og framføre musikkstykker som høver i karakter og stemning. Dermed kan dette bli ei talande og vakker stund i kyrkja, der heile påska får klinge med.
Billettar i døra: kr 250,- (Kontant eller VIPPS)
Barn under 16 år går gratis
Arr: Hjelmeland kyrkjemusikalske utval