LEDIG STILLING


Administrasjonssekretær i 50 % stilling ved kyrkjekontoret 

 

I Hjelmeland kyrkjeleg fellesråd er det tre sokn, fire kyrkjer og eit bedehuskapell. Kontorstad er på kyrkjekontoret i kommunesenteret Hjelmeland.  I staben er det sokneprest, prost, kantor, trusopplærar, diakon, fire kyrkjetenarar og kyrkjeverje. Det er mange frivillige medarbeidarar.   

Det er ledig stilling som 
Administrasjonssekretær 50 %

Dette er ein deltidsstilling med kontortid  2,5 -3 dagar i veka, til saman 18,75 timar per veke.  

Arbeidsoppgåvene vil vera ulike  former for administrativ oppgåver for prost, sokneråd, prest og fellesråd, t.d. planlegging, rapportering, postbehandling, arkiv, saksbehandling og ha kontakt med ulike instansar i kyrkja etc.  

Vi tilbyr ein kjekk jobb i eit hyggeleg arbeidsmiljø. Løn, tilsetjings- og arbeidsvilkår i samsvar med tariffavtalar og gjeldande lovverk.  Gode kontorlokale i Hjelmeland sentrum. 

Ved tilsetjing legg me vekt på personlege eigenskapar, samarbeidsevner og relevant utdanning. Du må kunne arbeide sjølvstendig, ha erfaring med vanlege kontorprogram (MS Office), og evne til raskt å setje deg inn i nye dataverktøy. God munnleg og skriftleg framstillingsevne  (nynorsk) vil og bli vektlagt.
Vi søkjer etter ein person som har interesse og forståing for kyrkja sitt arbeid. Du må vere medlem av Den norske kyrkja. 

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med :
Kyrkjeverje Reidunn Ferstad,    tlf. 977 55 347

Søknad med CV, vitnemål og referansar kan sendast til post@hjelmeland.kyrkja.no, eller
Hjelmeland kyrkjekontor, Prestegarden 5, 4130 Hjelmeland 

Søknadsfrist: 12. desember
 

Tilbake