Mette Katrine Bjørk Ingvaldstad, 55 år, Årdal, er tilsett som kyrkjeverje/dagleg leiar av Hjelmeland kyrkjeleg fellesråd frå og med 1. juni. Mette er utdanna sosionom og arbeider i dag som fagansvarleg i tilrettelagte tenester i Hjelmeland kommune i 60 % stilling og frå og med 1. februar 2023 har ho vore tilsett som administrasjonssekretær i Hjelmeland kyrkjeleg fellesråd i 40 %.
Mette har ein variert arbeidsbakgrunn. Mellom anna har ho hatt oppdrag frå Bufetat som familieheim og beredskapsheim i mange år. Ho var med å starta opp og dreiv Ryfylkebutikken i Årdal. Mette driv gard med sauer og griser i Årdal saman med mannen sin.
Det var 3 søkarar til stillinga som kyrkjeverje/dageleg leiar av Hjelmeland kyrkjeleg fellesråd.
Kyrkjeverje er ein nøkkelperson i utviklinga av Den norske kyrkja i lokalsamfunnet, i godt samarbeid med dei tilsette, sokneråda og kommunen.
Kyrkjeverje er leiar for fellesrådet si verksemd, noko som inneber saksbehandling og sekretæroppgåver.
Hovudoppgåvene er:
• Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet
• Økonomiansvar for fellesrådet sitt budsjett
• Ansvar for drift og vedlikehald av 4 kyrkjer
• Administrasjon av 9 gravplassar
• Dagleg drift av kyrkjekontoret
Hjelmeland kommune ligg i " hjarta av Ryfylke" og er med sine 1092 kvadratkilometer den nest største kommunen i Rogaland. Om lag 2600 innbyggjarar bur i kommunen, og det er 3 sokn med kvart sitt sokneråd. Kontorstad er i kommunesenteret Hjelmeland. I staben er det kyrkjeverje, prost, sokneprest, administrasjonssekretær, kantor, kyrkjelydspedagog, diakonimedarbeidar og fire kyrkjetenarar.