Ny haust for Hjelmeland kyrkjekor


Første øving på Hjelmeland bedehus tysdag 31. august kl 19.15.

 

For mange er korøvingane ein kjærkomen sjanse til å kome seg opp av sofaen  og møte folk som etter kvart har blitt kjente og kjære venner. Ikkje minst kan dette vere viktig no i koronatida. I koret finn vi både songglede og eit godt felleskap. - Og med hjelp av jamn og god øving, kan også andre positive ting realiserast. Mellom anna ser kyrkjekoret  i haust fram til konsert med Sigvart Dagsland  13.november (Hjelmeland kyrkje kl 18.00), der både songarar frå Rygjaljom og kyrkjekoret skal delta.

Hjelmeland kyrkjekor har dessverre hatt minke i medlemstalet i den seinare tid, særleg på mannssida.  Dette skuldast nok både alder, flytting og andre ting som ein ikkje alltid er herre over. Særleg har dette gått ut over mannssida.
Likevel er vi ein trufast gjeng som ønskjer å kome i lag for å synge. Så ser vi etter kvart kva vi kan få til med det mannskapet (eller ‘kvinneskapet’) vi har 😊
Men vi blir altså veldig glade dersom det er nye songarar som vil vere med oss!

 
Ta gjerne kontakt med kantor/dirigent Anne-Berit Rinde Bjelland (tlf 992 48 683) eller styreleiar Kirsti Flatø (45517314) for meir informasjon.

Kontingent er kr 200 pr medlem pr år

Tilbake