Babysong i Hjelmeland kyrkje


Babysongen startar opp igjen! Første samling er torsdag 26.august  kl 11.00 i Hjelmeland kyrkje

 

Dette er eit uformelt samver i kyrkja med fokus på song, musikk, leik og rørsle. Vi følgjer eit fast program på ca 30-35 minutt, som inneheld både  viser, barnesongar , regler og salmar. 
Babyar opp til ca 1 år, med følgje, er hjarteleg velkomne! 😊
Ta gjerne med nistepakke, så kokar vi kaffi og te!

Samlingane blir haldne etter dei til ei kvar tid  gjeldande smittevernreglar.
Ta gjerne med eige teppe til å ha oppå matta.

Påmelding på FB/Barselgruppa2021 i løpet av dagen før kvar samling. Ingen kontingent.
Babysongen vert leia av kantor Anne-Berit Rinde Bjelland og diakonimedarbeidar Torill Marie Seljeskog.

Vel møtt!

Tilbake