Babysong


Babysong


Velkomen til babysong i Hjelmeland kyrkje! Første samling i haust blir onsdag 27.august  kl 11.00
 

Vidare held vi fram med babysong kvar onsdag fram til jul, med unntak av onsdag i haustferien. 
Vi håpar at mange mødre, fedre eller besteforeldre har lyst til å ta med seg ein eller fleire babyar og kome!  Du skal vite at du er hjarteleg velkomen, anten du kjem for første gong, eller har vore på babysong fleire gonger førfør. 

Babysang er eit uformelt samver i kyrkja med fokus på song, musikk, leik og rørsle. Vi følgjer eit fast program på ca 30-35 minutt, som inneheld både  viser, barnesongar, regler og salmar. Etterpå byr vi på te og kaffi , og alle som har lyst og høve, er velkomne til å stoppe igjen  for t d å ta nistepakken og å nyte endå meir av det sosiale samveret! :)

Påmelding på FB/Barselgruppe Hjelmeland i løpet av tysdag før kvar samling.

Vi satsar og på å få til eit besøk på kvart av omsorgssentra i løpet av hausten. (Då må vi truleg skifte dag til torsdag, for å få det til å passe for bebuarane)  Eventuelle datoar for dette vil bli bestemt etter kvart,  i samråd med babysong-gruppa og omsorgssentra.

Babysongen vert leia av kantor Anne-Berit Rinde Bjelland og diakoniarbeidar Torill Marie Seljeskog.
Det kostar ingenting å delta.

Vel møtt! :)


 

Tilbake