Kyrkja i Hjelmeland inviterer deg til å bli konfirmert!
Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, så er du velkommen til konfirmasjonstid i kyrkja
Informasjon og påmelding for konfirmantar 2025-26
Påmeldingsskjema
* Informasjonsmøte for konfirmantar og foreldre blir den 10. juni 2024 kl. 17 i Hjelmeland kyrkje
* Konfirmasjonsleir 26. - 28.Oktober. Sett av helga, dette blir kjekt!
Undervisningsstad: Hjelmeland kyrkje. Det blir satt opp to grupper, ei på tysdag og ei onsdag. Dei kjem rett frå skulen og undervisninga varer i ein time, slik at dei når bussen heim etter.
Kva gjer og lærer me i konfirmasjonstida?
Me ynskjer at du gjennom konfirmasjonstida skal få meir kunnskap om og kjennskap til kven Jesus er og kva kyrkja står for. Du vil gjennom året læra meir og tenkja igjennom tema som tru og tvil, Bibelen, sjølvbilde, korleis ta gode val, oss i verda og andre tema knytt til Gud og kristen tru. Du treng ikkje å ha tenkt igjennom alt på førehand, men i løpet av året vil du få høve til å gjera deg opp eigne tankar og meiningar knytt til dette. Me skal i fellesskap utforske mange viktige spørsmål. Det er i fellesskapet med andre at me finn ut meir om kven me er i oss sjølv. Me skal saman utforske dette og mykje meir. Ikkje berre det teoretiske men også det praktiske: Det me kan kjenne og oppleve, av livet i kyrkja og kva dette kan ha å bety for oss, i våre eigne liv, i våre fellesskap og for dei vala me tar.
Kva forpliktar konfirmantane seg til?
Dei som melder seg som konfirmantar forpliktar seg til å møta på alle samlingane og vera positive til å delta på opplegget. Dei må igjennom året delta på 8 gudstenester og dei får enkle oppgåver på nokre av desse gudstenestene. Nokre av gudstenestene er obligatoriske, andre er valfrie.
Alle konfirmantane i kommunen deltek før påske i Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon i si bygd.
Alle har rett til ei god konfirmasjonstid
Som kyrkje ynskjer me å møta alle konfirmantar og familien deira på ein god måte i deira livssituasjon. Treng du ekstra støtte i samlingane eller tilrettelegging på andre måtar så ta kontakt med oss på førehand. Skriv det i påmeldinga eller ta kontakt direkte med kyrkjekontoret. Skriv og om det er viktige forhold me treng å vite om, til dømes forhold heime, mat- og andre allergiar, dysleksi etc. Det er berre kyrkjelydspedagogen og sekretær som har tilgang til desse opplysningane med mindre konfirmanten eller føresett samtykker til at det kan delast
Dåp
For å bli konfirmert må du vera døypt. Dersom du ikkje er døypt kan du bli det i løpet av konfirmasjonstida. Det er ikkje uvanleg at konfirmantar døyper seg i løpet av konfirmant-året (om ein ikkje er døypt frå før). Berre ta kontakt med oss.
Er du døypt i eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja? Då må du levera ein kopi av dåpsattesten. Ta den med på informasjonsmøtet eller lever/send den til kyrkjekontoret på Hjelmeland, Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland, eller på epost: post@hjelmeland.kyrkja.no
Det er og mogleg å følgje undervisningsopplegget utan å delta i sjølve konfirmasjonshandlinga.
Samarbeidspartnerar
NMSU er barne- og ungdomsorganisasjonen til NMS, som er ein misjonsorganisasjon forankra i Den norske kyrkja. På grunn av dette er dei ein naturleg samarbeidspartner for vår kyrkjelyd. Dei er som ein konsulent for oss, då dei er gode på leir og søknadar om midlar som kjem konfirmantane til gode. Dei har og mange gode opplegg som lettar arbeidsbøra vår, og me kan alltid ringe dei om me treng hjelp. Dei skriv at dei set utropsteikn ved korset, gjennom å dele tro, tid, ting og talent. Konfirmasjonsundervisninga blir rekna som lokallagssamling for NMSU. Ein treng ikkje melde seg inn i NMSU for å vere konfirmant! Innmeldinga gjelder berre konfirmasjonsåret og kyrkja melder dei ut.
Kristelig studieforbund - Kristelig studieforbund (K-stud) er eit offentleg godkjent studieforbund som har som mål å styrke trusopplæringa for ungdom og vaksne i kristne trussamfunn og organisasjonar. K-stud som dei vert kalla gjev ut eingongssummar til ulike kurs/arrangement basert på talet på timer arrangementet varer og kor mange som har delteke. Innhaldet på konfirmasjonsleiren er godkjent som arrangement som kan få støtte. Det gjer at me kan få litt ekstra pengar inn til å gjere konfirmasjonsleiren så bra som mogleg for konfirmantane. For å dele ut pengar, treng K-stud ei liste med namn, postnummer og fødseldato (for å vite alder), som dei ikkje brukar til andre ting. Difor ynskjer me å be om tillatelse til å la K-stud få desse tre punkta med informasjon om din konfirmant, så me kan få støtte for leiren. Informasjonen vert sendt inn i eit skjema rett etter leiren og K-stud bruker ikkje informasjonen til noko anna enn å sjekke at dei enkelte personane fins og kor gamle dei er.
Viktige datoar og praktisk informasjon:
Presentasjonsgudstenestar for konfirmantar der foreldra er spesielt invitert:
Konfirmantane kjem fram i gudstenesta og vert presentert for kyrkjelyden.
Oppmøte kl. 10.30 for konfirmantane.
Hjelmeland kyrkje søndag 07. september kl. 11
Fister kyrkje søndag 14. september kl. 11
Jøsenfjorden bedehuskapell 14.september kl 16.30
Årdal kyrkje søndag 28. september kl. 11
Med førebu om endring
Konfirmasjonsgudstenester 2026:
Laurdag 2. mai Hjelmeland
Søndag 3. mai Jøsenfjorden
Laurdag 9. mai Årdal
Søndag 10. mai Fister
Blir du med?
Påmeldingsfrist: 10. Juni 2024
Påmelding her
NB: Viktig at konfirmant og foreldre/føresette fyller ut påmeldinga ilag, då me treng opplysningar frå begge i påmeldinga.
Betaling: Me har ein eigenandel på 1500 kr for konfirmantåret hjå oss. Dette dekkar då konfirmasjonsleir, med mat og opphald der. Faktura vert sendt. Ta kontakt med oss om de er i ein situasjon der det vert vanskeleg å betale, så finn me ei ordning.
Tilsette
Tonje Flatø Nessa:
Tonje jobbar 60% som kyrkjelydspedagog. Ho jobba tidligare som lærar. Når ho ikkje er i kyrkja, er ho heime på garden ho driv i lag med mannen sin Lars Flatø Nessa og dei to borna deira. Her har dei 100 vinterfora sauer, bier og nok høner til å ha egg til eiget forbruk. Det er Tonje som har undervisninga for konfirmantane.
Sigrunn Hagen Arnesen
Sigrunn er sokneprest og vil bli med på noko av undervisninga og konfirmasjosleir.
Sigrid Sigmundstad
Sigrid er Prosten i Ryfylke
Har du spørsmål, send e-post til tonje@hjelmeland.kyrkja.no
Då håpar me å sjå deg som konfirmant til hausten! Dette blir kjekt! Me ser fram til å bli kjende med dykk!