Konfirmant 2021-22 påmelding


Påmelding for konfirmantar 2021-22. 

 

Velkommen til konfirmanttid i kyrkja

 

Last ned PDF av informasjonsheftet 2021-22, les dette før du melder deg på. 
HEFTET I PDF FORMAT FINN DU HER

Det meste av informasjonen i heftet finn du også nedanfor her i artikkelen.

Besøk gjerne www.konfirmant.no, der kan du lese meir om
kva det vil seie å vere konfirmant.

2021-22 året:

  • Konfirmant-weekend vert på Furutangen leirstad, Randøy,

1.-3.oktober. Sett av helga, dette blir kjekt!

   

Klikk her for å komme direkte til påmeldingsskjema. 
(sikker kobling)

 

Dåp
For å bli konfirmert må du vera døypt. Dersom du ikkje er døypt,
kan du bli det i løpet av konfirmasjonstida. Det er ikkje uvanleg at konfirmantar døyper seg i løpet av konfirmant-året (om ein ikkje er døypt frå før). Berre ta kontakt med oss. 

Er du døypt i eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja?Då må du levera ein kopi av dåpsattesten. Ta den med på informasjonsmøtet eller lever/send den til kyrkjekontoret på Hjelmeland, adresse: Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland / epost: post@hjelmeland.kyrkja.no

Det er og mulig å følgje undervisningsopplegget utan å delta i sjølve konfirmasjonshandlinga.


Kva gjer og lærer me i konfirmasjonstida?
Me ynskjer at du gjennom konfirmasjonstida skal få meir kunnskap om og kjennskap til kven Jesus er og kva kyrkja står for. Du vil gjennom året læra meir og tenkja igjennom tema som tru og tvil, Bibelen, sjølvbilde, korleis ta gode val, oss i verda og andre tema knytt til Gud og kristen tru. Du treng ikkje å ha tenkt igjennom alt på førehand, men i løpet av året vil du få høve til å gjera deg opp eigne tankar og meiningar knytt til dette. Me skal i felleskap utforske mange viktige spørsmål. Det er i felleskapet med andre at me finn ut meir om kven me er i oss sjølv. Me skal saman utforske dette og mykje meir. Ikkje berre det teoretiske men også det praktiske: Det me kan kjenne og oppleve, av livet i kyrkja og kva dette kan ha å bety for oss, i våre eigne liv, i våre felleskap og for dei valga me tar.

Kva forpliktar konfirmantane seg til?

Dei som melder seg som konfirmantar forpliktar seg til å  møta på alle samlingane og vera positive til å delta på opplegget. Dei må igjennom året delta på 8 gudstenester og dei får enkle oppgåver på nokre av desse gudstenestene.

Alle konfirmantane i kommunen deltek før påske i Kirkens nødhjelp sin fasteaksjon i si bygd. I 2022 vert datoen tysdag 5. april (tysdagen før Palmesøndag 10. april).

Alle har rett til ei god konfirmasjonstid

Som kyrkje ynskjer me å  møta alle konfirmantar og familien deira på ein god måte i deira livssituasjon. Treng du ekstra støtte i samlingane eller tilrettelegging på andre måtar så ta kontakt med oss på førehand. Skriv det i påmeldinga eller ta kontakt direkte med kyrkjekontoret. Skriv og om det er viktige forhold me treng å vite om, til dømes forhold heime, mat- og andre allergiar, dysleksi etc. 

Viktige datoar og praktisk informasjon:


Informasjonsmøte for konfirmantar og foreldre/føresette vert rett  i etterkant av presentasjonsgudstenestane i kvar kyrkje. Sjå datoar nedanfor.

 

Undervisningstid og stad: Det vert to (2) grupper for undervising.

Gruppe 1 har undervising onsdagar kl. 14.45 – 16.00 (ferdig slik at ein kan ta bussen til Fister/Årdal kl. 1610) og Gruppe 2 har undervising torsdagar same klokkeslett. I utgongspunktet set me opp gruppene her på kontoret, men skriv i påmeldinga om du føretrekk ein av dagane grunna andre aktivitetar du deltek på eller liknande.

 

Undervisningsstad: Hjelmeland kyrkje.

 

  • Presentasjonsgudstenestar for konfirmantar med påfølgande informasjonsmøte for foreldre og konfirmantane:

Konfirmantane kjem fram i gudstenesta og vert presentert for kyrkjelyden.

  • Hjelmeland kyrkje søndag 5. september kl. 11
  • Årdal kyrkje søndag 12. september kl 19
  • Fister kyrkje søndag 19. september kl 11
  • Jøsenfjorden bedehuskapell søndag 19.september kl 16.30

 

 

Konfirmasjonsgudstenester 2022:

Laurdag 7. mai  Hjelmeland

Søndag 8. mai Jøsenfjorden

Laurdag 14. mai  Årdal

Søndag 15. mai  Fister

 

Blir du med?

Påmeldingsfrist: 5.august

NB: Viktig at konfirmant og foreldre/føresette fyller ut påmeldinga ilag, då me treng opplysningar frå begge i påmeldinga.

* Fint om du også kan lasta opp eit bilete under påmeldinga som me vil nytta til å læra namn og halde oversikt over klassar.

Betaling: Me har ein eigenandel på 1000 kr for konfirmantåret hjå oss. Dette dekkar då weekend på Furutangen (Randøy), med mat og opphald der, samt noko for transportkostander. Faktura vert sendt. Ta kontakt med oss om de er i ein situasjon der det vert vanskeleg å betale, så finn me ei ordning.

 

Trusopplærar-vikar hausten 2021:

Rolv Henrik Øye er tilsett som vikar i trusopplæringsstillinga ut desember månad. Han vil i haust ha hovudansvaret for konfirmantopplegget, og tiltek i stillinga 16. august. Trusopplærar Tonje Flatø Nessa har foreldrepermisjon. Rolv er 42 år, gift med Laila Viktoria og har to born. Han har siste åra vore teologi-student ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger, der han no held på med dei siste fag-emna i ei mastergrad på profesjonsstudiet (presteutdanninga/profesjonsstudiet). Han har m.a. månge års arbeids-bakgrunn frå musikkbransjen (trommeslagar) og innan kristen/tverrkyrkjeleg rusomsorg i Oslo (Stiftelsen P22, p22.no). I 2018 valde han og kona å flytta vestover, kor han gjekk over til å studera teologi på heiltid. Han har studiepermisjon ut 2021 med midlertidig stilling som 60% trusopplærar / 40% administrasjonssekretær på kyrkjekontoret i Hjelmeland.

 

Diakonmedarbeidar Torill Marie Seljeskog vil være med på ein del av undervisninga og opplegget. Ho kan kontaktast på epost torill@hjelmeland.kyrkja.no.

 

 

Sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen deltek og i ein del av undervisningsopplegget og på weekenden på Furutangen (1.-3. oktober)

 

Har du spørsmål før 16.august, så kan du ta kontakt med kyrkjeverje Reidunn Ferstad på kyrkjekontoret  tlf 40439240/e-post post@hjelmeland.kyrkja.no.

Rolv Henrik Øye jobbar som vikar-prest i ryfylke i sommar, og startar opp som trusopplærar-vikar frå 16. august. Han kan likevel nås på epost før dette: rolv@hjelmeland.kyrkja.no.

Grunna ferieavvikling i juli kan det ta litt tid før du får svar, men me tek kontakt så fort me er tilbake.

 

Då håpar me å sjå deg som konfirmant til  hausten!  Dette blir kjekt! Me ser fram til å bli kjende med dykk!

Klikk her for å komme direkte til påmeldingsskjema. 

 

 

 

 

Tilbake