Gravferd i Hjelmeland


I gravferda tek vi farvel med den døde. Vi takkar for livet og overlét den døde til Gud.

 

Det er mykje nyttig informasjon på https://kirken.no/nb-NO/gravferd/gravferd-i-kirken/

VIKTIG INFORMASJON OM GRAVFERDER 2020. 
Gravferder vil fortsatt kunne gjennomføres på ein verdig måte. 
Unngå fysisk kontakt:  I ei gravferd  er det naturleg å handhilse og gi ein klem.
No  må vi finne andre måtar å vise omtanke og respekt på.  
Eit smil, eit venlig blikk og nokre gode ord er gode alternativ. 

Hald avstand  
Sitt på anna kvar  benkerad og hald ein meters avstand til andre ein dei som er i same husstand. Hald avstand og ute. 

Antal personar det er plass til når ein skal halde ein meters avtand:
Hjelmeland kyrkje 160
Årdal  kyrkje130
Fister kyrkje 100

Eit gravferdsbyrå kan ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Ein kan òg velje å gjere det meste sjølv.Dei pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og diakon, vere gode samtalepartnarar.  Vanlegvis vert den døde gravlagt på den gravplassen ein høyrer til.  Det er lovbestemt kven som er den personen som kan sørgja for gravferda.  Det er kyrkjeverja som avgjer kva grav som skal nyttast og kva tidspunkt gravferda skal skje, men ein prøver så langt det er mogeleg å oppfylla ønskja frå den som sørgjer for gravferda. 

I Hjelmeland er det 8 gravplassar som er i bruk:

  • Hjelmeland kyrkjegard
  • Årdal kyrkjegard
  • Fister kyrkjegard
  • Øye gravplass
  • Sandanger gravplass
  • Vormedalen gravplass
  • Jøsneset gravplass
  • Jøsenfjorden gravplass

Tilbake