Barnekor i Hjelmeland!


 

I Hjelmeland har vi hatt gode tradisjonar med barnekor knytta til kyrkjene våre.
Men dessverre er det no mange år sidan dette var ein realitet. Dei seinaste åra har vi "berre" hatt tilbod om prosjektkor i meir avgrensa tidsrom, t.d. før jul. Dette har absolutt hatt sin verdi, men i det siste har både Hjelmeland og Årdal sokneråd ytra sterke ønskje om å få til permanent barnekor igjen.
I denne omgang har vi starta opp i Hjelmeland kyrkje med øvingar kvar onsdag frå kl 17.00 - 18.00.
Første øving var 3.februar og 9 songglade jenter i alderen 1-3 klasse deltek!
Første opptreden koret hadde, var ved familiegudsteneste i Hjelmeland kyrkje på Maria bodskapsdag - 21. mars. Like etter kom dei siste, strenge koronareglane som hadde gjort det uråd med ei slik samling.
Men heldigvis fekk vi halde gudsteneste den 21. mars , og det gjekk veldig fint med jentene:  Så håpar vi på vidare korverksemd etter påske.Det er også god plass til fleire i koret - aldersgrensa er 1.-5.klasse - så er du interressert, ta kontakt med kantor på tlf 99248683.

Koret er leia av kantor Anne-Berit Rinde Bjelland og Hilde Lindstrøm Berland er med som vaksen medhjelpar.

 

 

Tilbake