Dåp i kyrkjene i Hjelmeland


Den norske kyrkja i Hjelmeland ønskjer velkommen til dåp. Avtale om dåp gjer du ved å venda deg til kyrkjekontoret.

 

I dei fleste gudstenestene er det mogeleg å ha dåp. Det er svært sjeldan at me har eigne dåpsgudstenester. Dåpen er ei viktig hending for heile kyrkjelyden, ikkje berre for den næraste familie.
Når de har bestemt dykk for å døypa barnet, tek de kontakt med  sokneprest for å avtala dato. Når datoen nærmar seg, vil prest ta kontakt for å avtala dåpssamtale som skjer enten på kyrkjekontoret eller heime hos dykk.

Telefonnummer til soknepresten er 977 52 534, e-post: prest@hjelmeland.kyrkja.no

Ei tid etter at barnet er fødd, vil ein frivillig frå kyrkjelyden ta kontakt, med ønskje om å komma på eit lite besøk. Vedkommande har med seg ei gåve frå kyrkjelyden og vil invitere til dåp.

Gå til kirken.no  for å finna meir utfylande informasjon om dåp i Den norske kyrkja.

Tilbake