Hjelmeland kyrkjelege fellesråd er kyrkja sitt styre. Rådet er samansett av 2 medlemmer frå kvart av sokneråda, soknepresten og ein kommunal representant, vald av kommunestyret. Kyrkjeverja er sekretær og sakshandsamar.Det er ikkje direkte val på fellesrådet. Det er sokneråda som kvar for seg vel dei to representantane som skal sitja i fellesrådet, og det er biskopen som peikar ut kva prest som skal sitja der.
Fellesrådet frå 2024:
Leiar: Leif-Ole Terøy, Fister
Nestleiar: Olav Frantzen, Årdal
Medlemmer:
Margunn Helgøy, Fister
Aud Grimstad, Årdal
Magnhild Meltveit Kleppa, Hjelmeland
Liv Laugaland, Hjelmeland
Sigrunn Hagen Arnesen, sokneprest
Asbjørg K. Hetlesæter, kommunal representant
Fellesrådet sine oppgåver:
Det er Kyrkjelova § 14 som skal vera styrande for kva saker fellesrådet tek opp. Rådet er ansvarleg for:
- Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer
- Anlegg, drift og forvaltning av kyrkjegardar
- Oppretting og nedlegging av stillingar som vert lønna over fellesrådet sitt budsjett
- Å skaffa kontorlokale for dei tilsette i kyrkja
- Skaffa lokale, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæringa
- Andre oppgåver som til eikvar tid er pålagt av Kongen (regjeringa) eller departementet
Det er fellesrådet som er ansvarleg for kyrkja sitt samla budsjett. Fellesrådet vedtek budsjettet og følgjer opp korleis midlane vert brukte gjennom året.
VIPPSNUMMER til Hjelmeland kyrkjeleg fellesråd: 119 840