Babysong i Hjelmeland kyrkje


Med påmelding.

 

Babysong betyr barnesongar, rim, regler, rørsle, rytmeinstrument, ballongar og meir til. Ramma er kyrkjerommet og om lag halvparten av songane er relaterte til den kristne trua, mens dei andre er av det meir almenne slaget. Dette gir ei god blanding som vi vonar alle kan kjenne seg heime i. Det sosiale er og viktig. På babysongen kan du kome som du er med babyen din, sjøl om formen kanskje ikkje er på topp. - Eller du kan velje det vekk, viss det kjennest rett.

Tilbodet er gratis og der ein forelder med baby (evt besteforelder eller andre som følgjer barnet) kan møte andre i same situasjon på ein enkel og god måte. Gjennom babysongen ønskjer vi å gje ein naturleg og god inngong til kyrkja og den kristne trua.

Det spesielle no, er at vi må vere nøye med å følgje dei gjeldande smittevernreglane i forhold til Covid-19. Difor blir det lagt vekt på tilgjengeleg antibac og minst 1 meters avstand mellom dei vaksne.
Ta gjerne med eit eige teppe til å ha oppå matta. Vi vaskar instrumenta godt før kvar gong, og så kan kvar baby få "sitt/sine" instrument. Maks antal pr samling er 5 vaksne med baby.
Dette betyr at vi må ha ei ordning med påmelding innan dagen før kvar samling (dvs i løpet av onsdagen) Påmeldinga skjer på den aktuelle barselgruppa på Facebook. (Barselgruppe 2020) og det blir lagt ut ei velkomstmelding i l a tysdagen i same veka. 
Aldersgrense for babyane: 0- ca 1 år.
Dei som ønskjer det, kan ta med nistepakke, så serverer vi kaffi og te!

Babysongen vert leia av kantor Anne-Berit Rinde Bjelland. Diakoniarbeidar Torill Marie Seljeskog deltek og.
Hjarteleg velkomne! :)

 

Tilbake