NEPALKVELD PÅ HJELMELAND BEDEHUS 25. NOVEMBER


Velkommen til Nepalkveld, torsdag 25.11. kl 19.00
på Hjelmeland bedehus.

Kristin og Erik Bøhler fortel om arbeidet ved sjukehuset i Okhaldhunga. Song av Hjelmeland kyrkjekor.
Utlodning og kveldsmat.
Arr: Hjelmeland sokneråd

LES MEIR i artikkelteksten.

 

Sjukehuset i Okaldhunga har i mange år vore Hjelmeland kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt. Okaldhunga er ein plass me har høyrt og lese mykje om, no har me høve til å få direkte informasjon.

Kristin og Erik Bøhler har brukt 16 år av livet sitt til å arbeida ved- og bygga opp dette sjukehuset. I år vart dei tildelt Kongens Fortenesteorden for dette arbeidet. Då dei kom til Okaldhunga var der ein liten klinikk med 120 fødslar i året. No er det eit stort sjukehus med jordskjelvsikre bygningar og dei har 120 fødslar i månaden.

Torsdag 25.november kjem dei til Hjelmeland bedehus og skal fortelja oss om løpet med nytt sjukehus, jordskjelv-oppbygging, landsbyhelse og den daglege kampen for livet på sjukehuset.

Det vert song av Hjelmeland kyrkjekor, samt kveldsmat og utlodning til inntekt for arbeidet. Vel møtt!

Bilete henta frå normisjon.no 

Tilbake