Registrering til gudsteneste


For å kunne ta i mot inntil 100 personar på gudstenester, skal alle få tildelt ein fast plass i kyrkja med minst 1 meter avtand til andre. Registrering til gudsteneste vil kunne gjer det enkare å vise plass til dei som kjem. 

Gå inn på linken på kalendaren eller sende sms eller ringe til Hjelmeland kyrkjekontor, tlf 977 55 347

Velg "kalender" øverst eller sjå nederst på sida. Velg og trykk på den gudstenesta du skal på.

Legg inn namn og telefonnummer og kor mange famliemedlemmer i tillegg til deg sjøv du ynskjer å registere.

Trykk på den blå teksten "registrering til gudsteneste" og du kjem inn på modulen. Merk at dei du registrerer samtidig, vert plassert ved sidan av kvarandre utan 2 meter avstand. Det er mogeleg å legge til ein kommentar i påmeldinga. Trykk "Send" og du får ei melding opp på skjermen at du er påmeldt.

Vert du sjuk eller ombestemmer deg, kan du gi plassene til nokre andre ved å sende sms til 977 55 347 eller sende e-post til post@hjelmeland.kyrkja.no

Det vil òg gjere det enklare ved frammøte i kyrkje, då namn og tlf.nr allerede er registrert. Men det er likevel viktig å sei ifrå når du kjem. Møt opp seinast 5 min før gudstensta/arrangemenet startar.

 

Tilbake