Årdal gamle kyrkje
Årdal gamle kyrkje

Årdal gamle kyrkje

Mellom 1. juni til 30. september er Årdal gamle kyrkje open kvar dag mellom kl. 9 og 19. Guiding kvar tysdag i perioden juni til august mellom kl 13 og 14. Må bestilles frå Hjelmeland kommune, Turistkontoret tlf. 404 39 003.

Det er gudsteneste i kyrkja søndag 7. juli kl. 11 og mandag 29. juli (Olsok) kl. 19.30. Olsok er det og konsert kl. 19 med Sigbjørn Apeland på trøorgel.

 

Årdal gamle kyrkje er bygd i 1619 og vart i løpet av eit par tiår utvida til den storleik og form ho har i dag; kyrkja under dei tre tak. Kyrkja er freda og er ei av dei best bevarte rennessansekyrkjene me har i Noreg. Ho er kommunen sin største turistattraksjon med fleire tusen besøkande kvart år. Kyrkja vert brukt til 2 gudstenester i året, og til vigslar og konsertar. Kyrkja har omlag 200 sitjeplassar.


Del denne artikkel på e-post