Fister kyrkje

Fister kyrkje

Fister kyrkje ligg vakkert til på ein høgde over Fistervågen. Fister kyrkje er bygd i 1867, og er ei tømra langkyrkje med tårn, teikna av Linstow. Det er altså 150-årsjubileum i 2017.

Kyrkja har preikestol, altertavle, døypefont og noko kyrkjesølv frå den gamle kyrkja (1604-1867). I kyrkja heng det eit krusifiks frå 1500-talet. Det er omlag 20 gudstenester i året, og talet på vigsler og gravferder er omtrent som i Årdal. Det er omlag 230 sitjeplassar i kyrkja.
Fister kyrkje Har blitt oppgradert med nytt varmeanlegg og nye innvendige varevindaugo i 2015/ 2016, og kyrkja har fått nytt orgel i 2016. Dette er eit orgel med 10 stemmer, bygd av Ålems orgelverksatd (Sverige).


Del denne artikkel på e-post