Årdal kyrkje

Årdal kyrkje

Årdal kyrkje vart bygd i tidsrommet 1914-1916, og vigsla i 1919. Kyrkja vart 100% finansiert av innsamla midlar frå utvandra årdalsbuar til Amerika.

Kyrkja har dermed ein svært spesiell historie. Departementet hadde sagt nei til soknet og soknepresten sitt ønskje om å få ei ny kyrkje i Årdal. Dermed starta årdalsbuar i Amerika ein innsamlingsaksjon for å skaffa bygda ny kyrkje. Kyrkja vart bygd, men departementet sa då nei til å ta kyrkja i bruk då ho stod ferdig. Det gjekk fleire år før godkjenninga kom, og kyrkja vart vigsla og tatt i bruk den 28. mars 1919. Difor feirar me 100-årsjubileum i 2019 - samtidig med at me feirar 400-årsjubileum for Årdal gamle kyrkje.

Odd Harald Olsen og Terje Borgen har skrive boka "Den store gåva frå Amerika." Her skriv dei om korleis kyrkja vart til, og om dei utvandra Årdalsbuane som ffinansierte kyrkja. 

Kyrkja vart omfattande restaurert i 1968. Spesielt gjeld dette innvendig. Altarbiletet er måla av stavangerkunstnaren Frank Frantzen. Kyrkja har 250 sitjeplassar. Det er omlag 20 gudstenester i året, og vanlegvis 3-4 vigsler og 8-10 gravferder.


Del denne artikkel på e-post