Hjelmeland kyrkje

Hjelmeland kyrkje

Hjelmeland kyrkje er bygd i 1858. Til 150-års jubileet i 2008 stod kyrkja fram i ny drakt innvendig.

Restaureringsarbeidet omfatta m.a. ny fondvegg med altarbilete av Tor Lindrupsen, nytt golv, nytt elektrisk opplegg, nye vindaugo og etterisolering. Totalt vart det brukt om lag 5 mill kr. til restaureringa.
Dette er den klart største kyrkja i kommunen med 450 sitjeplassar. Her er det ca. 24 gudstenester i året og noko fleire vigsler og gravferder enn i dei to andre soknekyrkjene.


Del denne artikkel på e-post