Kyrkja i Hjelmeland

Kyrkja i Hjelmeland

Velkommen til kyrkja i Hjelmeland. I denne Ryfylke-kommunen er det eit aktivt kyrkje- og kristenliv. Det er tre sokn med fire kyrkjer og eitt  bedehuskapell. I tillegg er det  mange lokale bedehus.

Biletet viser korpartiet i Årdal gamle kyrkje.  Denne kyrkja kan stå som ei påminning om vår lange kristne tradisjon og kulturarv som lever vidare i vår tid. Det har gått snart 400 år sidan kyrkja vart bygd. Uttrykksformer, møteformer, tradisjonar og skikkar, folkelynne og samfunnsliv har endra seg sidan den tid, og er stadig i endring, og endringane skjer i stadig aukande tempo, men likevel er utgangspunktet og grunnvollen den same. Kyrkja sitt oppdrag står fast: Gå ut i all verda, døyp dei og lær dei.... og sjå, eg er med dykk så lenge verda står.

Vår visjon er: Ei kyrkje for alle, og alle for Kristus!  Me ønskjer å vera ei kyrkje for alle, i alle livssituasjonar og i alle dagar.


Del denne artikkel på e-post