Gravferd i Hjelmeland

Gravferd i Hjelmeland

Når ein av våre kjære går bort, er det mykje som må ordnast. I ein vanskeleg situasjon skal ein også ta stilling til ulike spørsmål rundt gravferda.

Dei fleste vel å nytta gravferdsbyrå til mykje av det praktiske, men det er likevel mange spørsmål som må få eit svar. Prest og kyrkjeverje kan og svara på spørsmål omkring dette, og det ligg mykje informasjon på www.kyrkja.no.

Vanlegvis vert den døde gravlagt på gravplassen i det soknet vedkommande høyrer til.  Det er lovbestemt kven som er den personen som kan sørgja for gravferda, dvs. å ha eit hovudansvar for å bestemma. Det er kyrkjeverja som i siste instans avgjer kva grav som skal nyttast og kva tidspunkt gravferda skal skje, men ein prøver så langt det er mogeleg å oppfylla ønskja frå den som sørgjer for gravferda. 

I Hjelmeland er det 8 gravplassar som er i bruk. Det er:

  • Hjelmeland kyrkjegard
  • Årdal kyrkjegard
  • Fister kyrkjegard
  • Øye gravplass
  • Sandanger gravplass
  • Vormedalen gravplass
  • Jøsneset gravplass
  • Jøsenfjorden gravplass


Del denne artikkel på e-post