Konfirmant i Hjelmeland

Konfirmant i Hjelmeland

Kyrkja i Hjelmeland ønskjer deg velkommen til konfirmantundervisning.

Hovudregelen er at dei som fyller 15 år i løpet av inneverande kalenderår og som går i 9. klasse, kan melda seg til konfirmantundervisninga. Du treng ikkje bestemma deg for å bli konfirmert før etter nyttår i konfirmantåret. Du kan gjerne følgja konfirmantundervisninga ei tid før du bestemmer deg.

Val av konfirmasjon handlar ikkje først og fremst om kva svar du har funne på ulike spørsmål som har med kristen tru å gjere, men meir om kva spørsmål du har. I kyrkja er det rom for både tvil og tru, usikkerheit, undring og ulike meiningar. I konfirmantåret håpar me å kunne leggje til rette for at du kan:

  • Tenkje sjølv, gjere deg opp eigne meininger.
  • Stille spørsmål, finne dine eigne svar.
  • Lære meir om Bibelen.
  • Snakke om kristen tru.
  • Få nye tankar om livet.
  • Engasjere deg i kyrkja sitt arbeid for miljø og solidaritet.
  • Bli kjent med kyrkja.
     


Del denne artikkel på e-post