Andakt for søndag 10.mai
Andakt for søndag 10.mai

Andakt for søndag 10.mai

ved sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen

5.søndag i påsketida

Evangelietekst: Joh 15, 1-8

I Jesus gjev vekst

Eg er det sanne vintreet, eg er stammen og rota, de er greinene, seier Jesus. Der er me poda inn, der får me lov å veksa og frukta vil syna seg når rota er fast planta i god jord, i Gud vår Far gjennom Jesus Kristus.

Det er eit samansett bilde Jesus brukar når forklarar forholdet mellom Gud, seg sjølv og oss. Gud er ansvarleg for vingarden. Gud er den som sørger for stellet og  gjev grunnlaget som skal til for blomstring og frukt. Nødvendig reinsing av greiner er og ein del av arbeidet.  Jesus er vintreet sin stamme, all frukt i Guds rike får sin næring gjennom Jesus. Det veks ikkje druer andre stader enn på vintreet. Så langt er det meste greit. Verre er det kanskje å godta at me er greinene, at Guds rike sine frukter blir bore fram gjennom vanlige mennesker sitt liv.  Me kan spør oss: Har mitt liv kraft til å bera frukt? Kva kjenneteiknar greiner som ber frukt?

  1. Me høyrer saman!

    Biletet med stammen og greinene viser kor avgjerande forholdet er mellom  Jesus og disiplane. Greina er avhengig av å vera festa til  stammen.

    Ei grein som blir skore av eller knekker, vil mista den avgjerande tilførselen av liv og næring. God kontakt med stammen er nødvendig for blomstring, vekst og seinare frukt. Ei grein kan veksa og utvikla seg  bare når den er festa til stammen. Derfor ber me og i ei  nattverdsbøn: «Sameina oss med deg som greinene med vintreet». Dette har innverknad  både for vår bøn og for vårt arbeid. For vår bøn betyr det at den alltid har ein retning og den har ei rot.  Kristen tru er aldri fritt flytande og svevande, den er grunnfesta i Jesus og er retta mot han. For vårt arbeid betyr det at me aldri kan gjera noko  åleine. Gud er i siste instans ansvarleg. Vårt første og siste kall er å bli i Han som me blir minna på mange gonger i teksten vår i dag, 8 gonger i 8 vera! Bli i Han, bli i Jesus er oppfordringa!

     

  2. Forandring, kva skjer?

    Å bli i Jesu er ikkje det same som å vera passiv og la seg føra hit og dit. Det er eit aktivt val me tar igjen og igjen Ei friske grein gjennomgår store forandringar gjennom vekst og modning, foredling og innhaustinga. Det som såg lite og stusseleg og bart ut, fortsett ikkje å vera stusseleg og bart! Livets under i vinrankene forandrar alt, det kan det og gjera i våre liv. Jesus fortel oss ikkje så mykje om kva slags frukt som kan synast i våre liv her i vår tekst. Men les me i Paulus sine brev kan me finne mange frukter av å leva med Jesus som stammen der me er greinene. Men me veit at å halda seg til Jesus Kristus vil gje nytt mot til dei motlause kristne. Det vil gje nytt håp til kyrkjelydar der resignasjon har trengt seg inn de vil kunne spre forsoning ved fiendskap mellom slektningar og nasjonar. Det kan gje ny og frisk glød i omsorgsarbeidet for fattige og for dei som lid naud. Gode ting skjer når mennesker lever i livskontakt med Jesus. Mennesker blir forandra og greinene bærer frukt, frukt som varer.

     

  3. Bli i meg!

    Bli verande i trua på oppstoda. «Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og det skal få det.» (v 7) Jesus gjev oss eit løfte. Det er ikkje bare opp til oss å bera frukt som verda kan sjå og dermed koma til tru. «Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.» (v 5b) Jesu ord «bli i meg» er ord som advarer mot alle kristne ego-prosjekt. Alle har vi vel til tider vore nære til å falla for freistinga og tenkja: «Det der klare eg best sjølv.» «Nei,» seier Jesus, «skilde frå  meg kan de ingen ting gjera.»  det er ord å temkja på og ta med seg.  Stammen er Jesus, rotfesta i Gud vår Far. I han skal me få vera rotfesta og grunnfesta og der, i Han skal me få vera ei av dei mange greinene! Me kan alle sjå for oss korleis det vil gå med  ei lausriven grein  som prøver å blomstra og så igjen bera frukt på eiga hand. Det vil ikkje gå godt, det er dømst til å mislukkast.

    Næring og livsgrunnlaget skal me få gjennom Jesus Kristus som gav livet sitt for oss for at me skulle få ha liv i Han.

    Gud har blikk for det evige, det er han som har oppgåve med å rydda i greinene. Det er han som har den heile og fulle oversikten. Å skjera ned og kasta greiner, det ligg i Guds makt og hender. Han har det evige perspektivet og han veit kva som må gjerast undervegs for at han kyrkje på jord skal bera rik frukt i rette tid.

     

Oppfordringa til oss er å bli i Jesus og i relasjon til Han.  Me kan få venda oss til Han i bøn, Han møter oss, Han høyrer oss. Me er hans greiner ut i verda når me blir i Han, veks og modnast i han. Då  ber me frukt og ærer Gud vår Far.

 

La oss be:

Livsens Gud,
ved Son din Jesus Kristus har du oppretta ditt rike blant oss.
Vi bed deg:
Vara oss i din kjærleik, så vi kan bera stor grøde,
som greiner på det sanne vintreet, Jesus Kristus,
han som med deg og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve. Amen

 

Ta imot Herrens velsigning:

Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. Amen.

 

 

Sigrunn Hagen Arnesen

Sokneprest i Hjelmeland, Fister og Årdal

 

 

 

 


Del denne artikkel på e-post