Frigjeringsjubileet 8. mai 2020
Frigjeringsjubileet 8. mai 2020

Frigjeringsjubileet 8. mai 2020

I år er det 75 år sidan frigjeringa. I Hjelmeland blir dette markert ved rømlingehyttta i Bønardalen i Årdal og ved minnestøtta ved Hjelmeland kyrkje (digitalt deling på facebook og Strandbuene si nettside).  I 1945 ble freden markert ved at alle landets kyrkjeklokker skulle ringe freden inn fra kl 13 – 15 denne dagen. 

I Hjelmeland blir det fredag 8. mai kl. 15 ringt 5 minutter i kyrkjeklokkene.

 
  

Ei helsing frå biskopen: 

Kling no klokka! Ring og lokka frå tusen tårn!


På ei klokke frå Hällstad i Västergötland i Sverige frå 1463 kan vi lese: "klokka lovprisar Gud, kallar saman folket, kallar saman prestane, gret over dei døde, jagar bort pesten og kastar glans over festane"

Kyrkjeklokkene er lyden av folkekyrkja lokalt. Kyrkjeklokkene har for mange av oss vore så sjølvsagte at vi ikkje har hatt behov for å setje ord på kva dei betyr for oss, som kyrkje og som folk. Før no, i denne tida då kyrkjer over heile landet har vore stengt på grunn av smittefare.
I koronatida blir dette ein av kyrkja sine måtar å markere helg og høgtid på og vi har kome med ei tilråding at ein lokalt ringer inn helga laurdagar kl. 17.00.  Dette er etter gamal skikk. Klokkene ringjer som eit teikn på nærvær og forbøn. Som desse kyrkjeklokkeinskripsjonane uttrykkjer det:
-Land, land, land, hør Herrens ord
-Tro – Håp – Kjærlighet .
For mange er helgedagane sterkt knytt til klokkeringing. Her er det mange lokale tradisjonar, men dei fleste av oss fekk høyre på klokkene ringe høgtida inn på påskeaftan. Det same vil skje pinseaftan 31. mai kl. 17.00
Lyden av kyrkjeklokker har i uminnelege tider vore ein uunnverleg del av kulturlandskapet. Klokkeringinga har i generasjonar vore viktig for å halde greie på tida, til kvardags og ved alle høgtider. Dei har kalla inn til gudsteneste og har samtidig gjort evangeliet nærverande i folkets liv. Dei har vore viktige i sorg og i fest, ved gravferder og ved bryllaup. Klokkene har også vorte brukt for å oppfordre folk til å be.

Frå eventyr  hugsar du kanskje at dei vonde kreftene måtte gi tapt mot klokkelyden, Og kanskje var du ei(n) av dei som fekk augo, eller øyra, opp for den store kulturhistoriske verdien av kyrkjeklokker gjennom Lars Myttings roman Søsterklokkene.

Om vi i kyrkja ikkje har snakka så mykje om kyrkjeklokkene, har vi sunge om dei: Kim alle klokker (NoS 49) og Kling no klokka (NoS 65)

Overalt i Norge finst det kyrkjeklokker, kvar med sin eigen historie og klang.

Bøn: 

Gode Gud, lyden av kyrkjeklokkene minner oss om evangeliets historie i vårt land og på denne staden. Klokkene kallar oss stadig til samling, til å høyre kva du vil seie oss og til å be saman. 

Gud, la klokkeklangen være ei utfordring til å samle oss om det som er viktig no,
for oss sjølve og for våre medmenneske.

Vi ber for alle dei som klokkene ringer for, verda over.
Vi ber for alle menneske som er redde no og for dei som sørger.

La klokkene også vere ei påminning om det håpet Jesus, din son, vår bror, har gitt oss ved sin død og oppstode. 
Hjelp oss slik at klokkelyden kan få oss til å sjå framover mot ei pinsehøgtid då vi igjen saman kan feire at Du som Heilag Ande, Livgivaren, er nærverande i våre liv og gudstenester.  Amen.
  


Del denne artikkel på e-post