Andakt for 3.mai
Andakt for 3.mai

Andakt for 3.mai

ved sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen

4.søndag i påsketida 2020
Evangelieteksten: Joh 16, 16-22 – Om ei lita stund!

Eg tar tatt med meg ein sjuarma lysestake i dag. Den er eit av dei viktigaste symbola i jødisk samanheng. Lysestaken skal stå utent fram til den dagen Messias kjem. Men for dei Jesus-truande jødane og for oss kristne blir den tent som eit teikn på at Messias, Jesus Kristus er komen og at han er nærverande hos oss og i dag. I dei fire første versa som blei lest ifrå Johannesevangeliet står det heile 7 gonger: «Om ei lita stund.»
Kva vil Jesus minna oss på? Ei forandring har skjedd, og ei forandring vil skje, om ei lita stund. Det handla om å sjå og ikkje sjå.
Eg vil halda fram 7 viktige ord om å sjå og oppleva og kanskje ikkje sjå det heilt heller. «Om ei lita Stund» sa Jesus.

1. JUL – Jesu kjem inn i vår verden ved at Maria fødte Jesus. Han vaks opp saman med Maria og Josef. Folk såg han, han var med foreldra i tempelet kor han sa at han måtte vera i sin fars hus. Dei såg han, men dei såg han likevel ikkje. Jesus vaks opp og fekk disiplar som fylgde han. Dei såg dei gjerningane han gjorde. Men mange såg ikkje at han var Guds son, den Messias dei venta på. Nokre tok i mot han, andre avviste han. Om ei lita stund

2. PÅSKE - Disiplane og dei som var i Jerusalem den gongen fekk sjå noko av lidinga, dei såg bønekampen Jesus hadde i Getsemanehagen. Dei såg hans død på korset. Dei såg han vart lagd i ei grav. Tredje dagen stod Jesus opp og møtte disiplane. Sjå hendene mine, stikk handa i sida mi, sa Jesus. Jesus var saman med dei igjen. Om ei lita stund.

3. HIMMELFART – Jesu fortalde disiplane at han skulle fara ifrå dei. Han skulle fara til sin Far. Men han skulle sjå dei, han lova å vera nær dei ved sin Heilage Ande. Dei skulle bare venta. Om ei lita stund

4. PINSE –Anden kom som lova. Anden skulle å visa dei kva dei skulle gjera. Dei fekk sjå og merka at Jesus var med dei på ein annan måte. Han skulle vera med dei alle dagar. Pinsedagen som og det blei ei ny tid. Oppdraget var i gang. Om ei lita stund.

5. DÅP – Døype og lære. Det var oppdraget. Jesus møter oss i dåpen, ved sitt ord og i vatnet som er synleg for oss, eit av våre to sakrament. Me blei teikna med det heilage krossmerket til eit vitnemål om at me skulle tilhøyra den oppstadne Jesus Kristus. «Om ei lita stund», sa Jesus.

6. NATTVERD – Det andre sakramentet. Jesus deler ved sitt ord, sin lekam og sitt blod i brødet og vinen. Han gjev seg sjølv til dei som vil ta imot han. Hos han er det tilgjeving å få. Han vil gje oss det me treng i kvardagen vår. Han vil gje oss sin frelse og sin fred. Om ei lita stund

7. GJENNKOMST – Det er framtida, der er vårt håp. Jesus skal koma igjen. Då skal me få sjå han. Nå ser me bare litt av kven Jesus er, då skal me skjøna fullt og heilt. Då skal me få del i Jesu herlegdom. Jesus kallar oss til eit evigt liv saman med han. Eit liv som alltid vil vara, eit liv utan synd og død, eit liv i fullkomen kjærleik og fred.

«Om ei lita stund», sa Jesus.
Me lever i forventning. Me har ein lovnad, me har eit håp. Me har fått eit oppdrag. ”Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt.” Mark 16,15. Eller som det står i Matteusevangeliet: ”Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.” (Matt 28, 18-20)

Den sjuarma lysestaken kan minna oss om alt Jesus har gjort og vil gjera. Om ei lita stund. Me skal få ha lysa tent i påvente av Jesu gjenkomstdagen då alt skal bli nytt. Om ei lita stund!

La oss be:
Herre Jesus Kristus, du som er vegen, sanninga og livet, du har kalla folket ditt til å fylgja deg gjennom motstand og trengsler til din herlegdom. Vi bed deg: Gjev oss trygg tillit til lovnaden din om at trengslene skal vara berre ei lita stund og at det ventar ei evig glede, du som med Faderen og Den Heilage Ande lever og råder, éin sann Gud frå æve og til æve.

Ta imot Herrens Velsigning:

Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.


Sigrunn Hagen Arnesen
Sokneprest i Hjelmeland, Fister og Årdal

 

 

 

 

 


Del denne artikkel på e-post