Andakt for 3. søndag i påsketida
Andakt for 3. søndag i påsketida

Andakt for 3. søndag i påsketida

ved sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen

Joh 10, 11-18 : Den gode gjetaren og Guds omsorg

Heile Bibelen er gjennomsyra av Guds omsorg for menneska. Han vil dei vel, han vil leia dei gjennom livet.
I Bibelen står det og mykje om gjetar/hyrde  og sauer.  Jesus omtalar seg sjølv som den gode gjetaren, han som set livet til for sauene. Det er og ei anna forteljing om  han som hadde 100 sauer og som mista en eine. Han gjekk ut for å leita etter den han hadde mista, heilt til han fant sauen.

Jesus vil vera vår gjetar og passa på oss og leia oss. Kvar ein av oss er verdifull i hans auge. Han ser den enkelte. Me er ikkje usynlege blant mange. Han kjenner oss alle. Han veit kven me er. Jesus legger merke til den enkelte. Han veit akkurat korleis du og eg  har det.

Kva gjere den gode gjetaren?

- set livet til for sauene

- kjenner sine

- dei kjenner han

- har omsorg for sauene

- har kjennskap til dei  og til livet deira

- samlar flokken

Han har både kunnskap og kjennskap om oppdraget og om dei han skal leia. Guds omsorg går utover vår forstand, den er der på trass av oss og slik som me oppføre oss. Jesus ledar flokken og han gjer sitt liv for dei. Han stakk ikkje av, han delte skjebne med oss, han tok våre synder og bar dei opp på korset. Me kan stola på han, han kjenner oss, han veit alt.

Jesus vil det gode. Han ønske at me skal kjenna han på stemmen og vita at det er han som kallar på oss og ønskjer oss inn i flokken sin. Jesus vil vera med oss, han vil ta vare på oss og gje oss mat, gje oss krefter. Men skal Jesus få leda oss, må me ha tillit til han og sleppa han til, då kan han gje oss  av sin omsorg.

Jesus er den gode hyrde/gjetar fordi han er villig til å dø for sauene, for dei han er satt til å passa på.

Den gode hyrden/gjetaren = Mønsterhyrden/gjetaren. Leigekaren lever av saueflokken ikkje for saueflokken. Det er ein stor forskjell. Hyrden/Gjetaren skjermar sine mot inntrengarar. Jesus er den gode hyrde/gjetar fordi han kjenner sine på ein særs måte.  (Å kjenne er det same som å tru i Johannes evangeliet.)  «Mine sauer» seier Jesus. Alle sauene, heile flokken. Her ligg og tanken om den verdensvide kyrkje, beståande av alle menneske som vil fylgja den gode hyrden. Dei skal høyra hans røyst og samlast som ein flokk hos Jesus. Jesus er den  til døden usvikelege hyrden – med ei oppgåve å fullføra i heile verda.

 

Ordet gjetar blir ikkje mykje brukt i dag  hos oss. Men Jesus blir samanlikna med ein gjetar, ein hyrde. Hyrden skulle gå først og leda saueflokken enten til nytt beite eller heim til garden. Gjetaren er og han som leiter etter dei som har forvilla seg bort frå flokken.  Gjetaren er bare god mot dei som vil følgja han. Han viser dei omsorg, han bryr seg om dei, han vil vera med dei og sjå til at dei har det dei treng. Jesus er gjetaren.

Men kven er då du og eg i forteljinga? 

  1. Ein sau – sauene er dei Jesus har tatt ansvar for. Han leiar dei og han kjenner dei.

Dei kjenner han, og dei forsvinn ikkje frå omsorga hans. Dei held seg nær han og høyrer når han ropar på dei. Er du og eg ein av sauene ?

  1. Ein ulv - ulvane er dei som hindrar at sauene samlast, dei jagar dei vekk frå gjetaren. Det er dei som mobbar og manipulerar, dei som tar frå folk tru og frimod. Som lokkar og lyg og tek frå oss det fokuset me vil ha. Er du og eg ein av ulvane?
  2. Ein leigekar – er eit tredje alternativ.  Han eller ho gjere kanskje ikkje noko gale, dei er bare der for å sjå til at flokken er der den skal vera. Men dei kan la vera å gjere det rette. Dei  ignorerer kanskje sauene, finn gode bortforklaringar, vender dei ryggen  når noko står på, dei har ikkje omsorg og medkjensle. Leigekarane er dei som alltid unndrar seg ansvaret når noko står på og dei finn gode grunnar for det. Leigekarane har omsorg for mange ting, men ikkje for sauene…. Er du og eg ein leigekar?

 

Den gode gjetar er god. Og det er det bare Jesus som kan vera heilt og fullt. Det er ingen andre som er bare god. Han viser ein fullkomen omsorg.  Han har aldri gjort noko anna enn godt, på kort sikt, så vel som i  evigt perspektiv. Derfor gjev han livet sitt for sauene.   Dette vitna jo påskedramaet om,  Jesus gav livet sitt for oss. For at me skulle sleppa fri,  opna Jesus vegen til Gud for oss ved sin eigen død og si oppstode.

Den gode gjetaren leitar og leiar. Jesus leitar sjølv etter dei bortkomne og leiar dei heim, alle dei som er spreidde rundt om og som har forvilla seg bort. Det gjeld og alle moderne rastlause og rotlause menneske som vandrar rundt om  i verda. Jesus leitar etter dei som har kome bort og han vil leia dei inn på vegen saman med han og inn i flokken med alle dei han har fått omsorg for og er gjetar for.

Den gode gjetar er ikkje slavedrivar. Jesus gjer oss valet til å gå vår vei viss det er det me ønskjer. Verda er full av leigekarar som tilbyr å vera reiseleiar på vår ferd gjennom livet. Verda slepp heller aldri opp for ulvar. Men  klarer me å høyra gjetaren sin stemme gjennom larmen av ulike stemmer?  Verda er full av mange stemmer som vil stela vårt fokus bort frå Jesus?

Jesus ønske å vera din og min gode gjetar. Han vil gjeta oss og føra oss gjennom livet samen med han. Han vil gje oss det me treng, han vil føra oss til vatn der me finn kvile og gjev oss ny kraft. Jesus er her for deg med sin omsorg, full av kjærleik.

 

La oss be:

Jesus Kristus, gode hyrding,
du kjenner oss og fører oss på rettferds stigar.
Vi bed deg:
Vakt oss mot alle farar
og leit oss opp når vi går oss vill,
så vi kan samlast hos deg i ditt evige rike,
du som med din Far og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve. Amen

 

Ta imot Herrens velsigning:

Herren velsigne deg og vare deg.
Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig.
Herren lyfte sitt åsyn på deg og gje deg fred. Amen.

 

 

Sigrunn Hagen Arnesen

Sokneprest i Hjelmeland, Fister og Årdal

 

 


Del denne artikkel på e-post