Korona stoppar ikkje kyrkjeklokkene
Korona stoppar ikkje kyrkjeklokkene

Korona stoppar ikkje kyrkjeklokkene

Kyrkjene over heile landet får no ringe med klokkene kvar laurdag kl 17. Også i Hjelmeland vil kyrkjeklokkene lyde i ettermiddag, som eit teikn på håp!  Helga skal på denne måten bli ringt inn førebels kvar laurdag fram til påske har biskopane i Norge bestemt. – Det er heilt surrealistisk at kyrkja er stengt. Det er sikkert ikkje avgjerande i denne krisetida med kyrkjeklokker, men kanskje får det folk til å lyfta blikket litt, trur Ola Dale kyrkjetenaren i Hjelmeland kyrkje. Foto. Magnar Riveland. les meir i strandbuen.no:  https://www.strandbuen.no/ola-ringer-i-klokkene-for-hap/s/5-107-127247?access=granted     

 

 

 

  

  

Dette er klart etter at Den norske kyrkja  innførte eit koronaunntak i reglane for bruk av kyrkjeklokkene.

Dei to siste to vekene har vanlege gudstenester over heile landet blitt  flytta frå kyrkjeromma til Facebook, Youtube og andre sosiale mediekanalar. Dette har medført stengde kyrkjedører og stille klokketårn.

«Stillheten skal brytes som et tegn på håp», seier konstituert preses i Bispemøtet, Atle Sommerfeldt.

Han og resten av biskopane i Norge,  har vedteke nye reglar for bruk av kyrkjeklokkene.

«Dette er et koronaunntak. Vi vil ringe inn helgen lørdager klokken 17», seier han.

Kirkerådet, som er kyrkje si valde leiing, har slutta seg til biskopane sitt vedtak.

«Kirken skal være til stede for folk. Det er mange som er urolige nå, og vi vil vise at kirken fortsatt er her for bønn, samtale og håp for fremtiden», seier leiar i Kyrkjerådet Kristin Gunleiksrud Raaum.

Den norske kyrkja deler konsertar, gudstenester og andaktar på si facebookside. Kyrkjer over heile landet har eigne direktesendte gudstenester, opne telefonlinjer og er til stades for folk som treng nokon.

Les meir på www.kirken.no

 


Del denne artikkel på e-post