Ingen gudstenester i kyrkjene i påska
Ingen gudstenester i kyrkjene i påska

Ingen gudstenester i kyrkjene i påska

I tråd med sterke retningslinjer frå Den norske kyrkja, vert alle gudsteneste i kyrkjene i Hjelmeland avlyste til over påske.
Dette er svært skuffande for mange. Men vi står likevel ikkje utan tilbod.
Lokalt vil det bli lagt ut - her  på kyrkja si heimeside - andaktar for alle dagane i påska, skrivne av sokneprest Sigrunn Hagen Arnesen.
I samarbeid med Strandbuen,vil vi og  legge ut link til eit opptak av pasjonskveld på langfredag, i litt komprimert versjon, samt ei minigudsteneste for 1.påskedag. 
Gerd Kleppa vil lese lidingssoga og Astrid Bjelland (tverrfløyte) og kantor Anne-Berit Rinde Bjelland (orgel) står for musikken ved pasjonskvelden.
Ved minigudstenesta medverkar prost Sigrid Sigmundstad. Song og musikk ved Rita Sørensen, Astrid Bjelland og Anne-Berit Rinde Bjelland.
Link til desse opptaka vert lagt ut den aktuelle dagen, og kan sjåast når som helst etter det. Så følg med!! :)

Elles vil det bli overført gudstenester på NRK i påska, og mange andre kyrkjelydar legg også ut gudstenester og samlingar på internett. Sjå også annonse i Strandbuen fredag 03.04 angåande påske-tilbod frå kyrkjene i Forsand, Strand  og Hjelmeland.
 


Del denne artikkel på e-post