Trusopplæringstiltak innstilt
Trusopplæringstiltak innstilt

Trusopplæringstiltak  innstilt

Dei planlagde og pågåande trusopplæringstiltaka for våren 2020, er no avlyste eller sette 'på vent'.
Dette gjeld til dømes dåpsskulen for 6-åringar som skulle vore i full gang i  Hjelmeland sokn i desse tider. Dåpsskulen i Årdal fekk ikkje avrunda samvera sine med deltaking i gudsteneste. I staden fekk vi til ei enkel avslutning med nokre foreldre til stades like før alle skular og barnhagar vart stengde.
11-års-gruppene måtte og innstille samlingane sine, og det vert sjølvsagt heller ikkje samlingar for konfirmantane.
Alt dette er djupt beklageleg.
Vi i kyrkja ser fram til å kunne kome sterkare tilbake, også i møte med barn og unge.I mellomtida vil vi oppmode foreldre og føresette til å ta fram god litteratur og bruke tid i lag med barna. Høgtlesing og forteljing går aldri av moten!

Har du spørsmål, kontakt B/U-prest Ine Linn Marthinsen: inelinn@hjelmeland.kyrkja.no
 

 


Del denne artikkel på e-post