Babysangen har avslutta vårsemesteret
Babysangen har avslutta vårsemesteret

Babysangen har avslutta vårsemesteret

Den siste babysangen i Hjelmeland kyrkje i vår, vart halden torsdag 12. mars

Babysangen i Hjelmeland kyrkje har hatt ganske god oppslutning gjennom året 2019/2020.
Som regel har det kome 4 eller 5 babyar med følgje kvar gong, og i blant har vi vore 7-8. Dette har vore eit gildt møtepunkt for både små og  store, for både tilsette og for dei som kjem. Sang og musikk sprer glede og bind saman, og det gjer også godt å kunne vere i lag om nistepakkar og å dele små eller store verdsproblem.
Gildt også å tenkje tilbake på besøka vi fekk til både på Årdal og Hjelmeland Omsorgssenter.

Opprinneleg hadde vi tenkt å halde på ut april, men no har korona-viruset sett ein stoppar for dette.
Vi på kyrkjekontoret - særleg Anne-Berit, Torill og Ine Linn, som har vore direkte involverte - vil takke alle som har deltatt i babysangen gjennom året! Det har vore ei glede:)
Så blir det nok nye sjansar til hausten for dei som har ein baby i ca rette alder. Håpar vi er tilbake i 'normalt gjenge' då.  Men vi kjem tilbake med nærmare informasjon når hausten nærmar seg.


 

 


Del denne artikkel på e-post