Fasteaksjonen 2020
Fasteaksjonen 2020

Fasteaksjonen 2020

I år vil den store innsamlingsaksjonen til Kirkens Nødhjelp - fasteaksjonen - skje digitalt.

Den planlagde innsamlingsaksjonen, fasteaksjonen, skulle ha gått av stabelen den siste tysdagen før påske,  31. mars. Men i år blir mange ting anleis, også dette. På grunn av den situasjonen vi er i no med korona-smitten, vil altså aksjonen foregå digitalt.
Dette kan du lese meir om på www.fasteaksjonen.no

Du kan gje di gåve slik:

*  Ved å gå inn på nettsida til fasteaksjonen.
     Skriv inn postnummeret 4130  øverst til høgre der det står ‘velg kommune’.
     Deretter kan du velge sokn og slik få registrert beløpet under det soknet
     du tilhøyrer.  Her kan du så  velge mellom å betale med;
     Vipps til 2426
     eller med bankkort. Gåvekonto: 1594 22 87493

 * Du kan og gje ei gåve via SMS.
    Send kodeord VANN til 2426, så blir det trekt kr 200,- frå  avsendar

  * Du kan og gje ei gåve ved å gå inn på kyrkja i Hjelmeland si Facebook-side.
     Der er det oppretta innsamlingsaksjon. 

Sjølv om du dessverre ikkje vil få besøk av verken konfirmantar eller andre i år, håpar vi likevel at du vil vere med og gje ei god gåve til det viktige arbeidet Kirkens Nødhjelp gjer. I dette tilfelle handlar det om å skaffe reint vatn til utsette grupper.

 


Del denne artikkel på e-post